Installasjons- og biletkunsten til Rusten vekte nyfikna blant dei frammøtte. I ei veke før utstillinga har Rusten budd i kunstnarbustaden i Bakketunet. Bustaden vart opphavleg bygd for å hyse ingeniørar i samband med utbygginga av Tyssefossen, og var opphaldsstad for Anngjerd Rustand med mann og barn i om lag ei veke. Vanlegvis bur ho i Bergen, der ho er ein del av kunstnargruppa Ytter. Tida på Bjørke nytta ho til å førebu utstillingsopninga, fotografere og til å orientere seg i nærområdet.

– Eg henger ikkje berre opp bileta mine på veggen, dei er ein del av ein installasjon der eg jobbar medvite med heile rommet. Samansetnaden av bileta dannar ein heilskap saman med rommet, og måten publikum flyttar på seg på og blikkvinkelen deira er ein del av opplevinga, seier Rustand.

Prosess i rommet

Alle bileta som er med til Bjørke har vore del av ei tidlegare utstilling i Bergen.

– Men sidan rommet her på Bjørke er totalt annleis, er det òg ein heilt annan og ny prosess med samansetjing og installering av bileta, forklarte kunstnaren til Møre-Nytt i førre veke.

Søndag fekk ho sjå korleis utstillinga fungerte med mykje folk til stades, og ho var strålande nøgd. Lokala framheva arbeida hennar, og stod i ein fin kontrast til kunstverka.

Under opninga var også Egil Olsen til stades, og han gav publikum ei lun stund med musikk med mykje kjærleik i. Og som han sjølv sa til publikum: «Eg elskar dykk alle».

Marita Bett Jensen er godt nøgd med tilstellinga søndag.

– Det vart ei fin totaloppleving, og eg trur dei som reiste med skyssbåt til og frå Bjørke fekk ei ekstra stor oppleving med ein spegelblank fjord, seier Jensen.

Egil Olsen og Anngjerd Rustand kosa seg i Bakketunet. Foto:#<\p>Eirik Lande