Innslag frå Dalane skulekorps, elevar frå Hovden skule og Marie Lovise Widnes, i tillegg til helsingar frå ulike personar, markerte starten på avslutninga av første etappe av Nynorskstafetten. Etter at programmet var ferdig i salen på Aasen-tunet bevega folk seg ut, og var klare for fakkeltog. Widnes starta fakkeltoget ved hjelp av ein startpistol, og rundt hundre personar lyste opp vegen på si ferd før vende tilbake til Aasen-tunet. Der var følgjet møtt med fyrverkeri, og Nynorskstafetten var dermed i gang med eit smell.

Nynorskstafetten er Noregs Mållag sin store Noregs-turné i Språkåret. 143 plassar i heile landet vil få besøk av den oransje bilen til mållaget. Neste stoppestad er Vanylven.