– Det var ganske nervepirrande, seier Tuva Eikås Hagen. Ho og Ingeborg Koppen har nettopp henta heim 1.000 kroner i førstepremie til klasse 10B etter siger i skule-kvissen på kulturhuset. Arrangementet var ein del av Nynorskstafetten, og opphavsmannen til alle spørsmåla var sjølvsagt målmann Terje Kjøde.

Vanskelege spørsmål

Kjøde stilte sjølv som dommar under kvissen, og meddommar var ingen ringare enn leiar for Noregs Mållag, Håvard#<\p>Øvregård frå Volda.

– Dei var flinke, seier han om kvissdeltakarane.

– Nokon av spørsmåla var eg nok i stuss på sjølv, det må eg innrømme, seier Øvregård

Sigerkvinnene vann overlegent med fem poeng framfor 2. plassen som gjekk til tiandeklasse på Vartdal ungdomsskule.

– Det var ei blanding av både pensum og anna, seier Kjøde om oppgåvene.

– Det var viktig med litt flaks også.

Gammal nynorsk

Kvissen var ein måte å få ungdomen engasjert i språk. Kjøde trur det var vellykka. Vinnarane er glade i nynorsk, men kunne tenke seg ei litt meir moderne form av skriftspråket.

– Nynorsk er gammalt. Eg syns ikkje vi skal droppe det, men kanskje fornye språket litt, seier Tuva Eikås Hagen. Ingeborg Koppen er samd.

– Der er mange gamle ord som ingen brukar lenger, hugleik for eksempel.

– Men de treng ikkje å bruke det ordet, repliserer Terje Kjøde.

Håvard Øvregård slår også fast at nynorsken vert friska opp med jamne mellomrom.

– Talemålet påverkar skriftspråket. Nynorsk er nærare talemålet enn det bokmål er, men også bokmål endrar seg. Utan Aasen hadde det meste vore tilnærma dansk, trur mållagsleiaren.

Bokmål, nynorsk eller dialekt. Kvissvinnarane kunne i alle fall pensumet sitt. Pengane gjekk til klassekassa, og kanskje vart alle deltakarane litt klokare etter å ha fått brynt seg på Terje Kjøde sine språk- og litteraturspørsmål.

Og for ordens skuld. Ein boltebuksar er ein skrytepave, det er ikkje lurt å brette opp armane, men ermane, og Rønnaug Kleiva kjem frå Ørsta.