Resultatet er DVD-en ”Bergteken”, der Flakk ivrar etter å ta med folk på ei visuell reise gjennom landskapet, opp i skyene, frå tind til tind, ned til fjorden og inn i skogen.

– Fjell og fjord i musikk og bilete er visjonen min, seier Edith Flakk som har arbeidd i fire år med prosjektet.

Kurs

– Ideen hadde utspring i eit kurs i næringsutvikling i landbruket der eg møtte andre som ville ha fleire bein å stå på. For meg var det ikkje naturleg å satse på osteproduksjon. Musikken ligg meg nærare, fortel Edit. Ho er både gardskjerring og pleiar på Hjørundfjordheimen. I tillegg er ho ”seng og frukost”-vert og driv utleige heime for fjellfolk. Siste åra har mange av dagane hennar handla i stor grad om prosjektet ”Bergteken”.

– Folk har nok lurt på kva eg har styrt med siste åra då nokre kanskje har observert meg krypande i ei grøft medan eg har venta på at vinden skulle stilne, humrar dama.

Skymt og kaldt

Heime på kjøkkenet i Knutegarden i Norangdal serverer 51-åringen nysteikte vaflar og kaffi. Det er skymt ute og bitande kaldt. Edith Flakk er ei energisk dame som ser positivt på det meste. No kan ho vise fram resultatet av eit omfattande prosjektarbeid. Det handlar om ein DVD med tre songar, ”Vandraren”, ”Ein av alt” og ”Vinter”, skrive av den utflytte trønderen.

”A true experience from the wondrous Norangdal”, står det på coveret. Det spesielle med prosjektet er dei mange naturbileta, næra 150 i alt, som er knytt til melodiane. Bileta treff teksten med orda som vert sunge og alt heng såleis saman. Og like mykje: Kvar melodi er spelt inn på tre ulike måtar, både med nynorsk og engelsk vokal, og med Stig Ulv som instrumentalist på gitar, meint for dei drøymande. I tillegg har kvar låt på DVD-en sin eigen fotoserie. Prosjektet er såleis uvanleg og nyskapande.

Fotografar

Edith Flakk har knytt til seg dyktige songarar og fotografar. Og ho brukar lokale modellar i bileta. På eit for seg gjort cover kan ein lese namna til mellom anna Terje Kjøde, Yngve Hareide, Ma Ortiz, Marius Beck Dahle, Bjørn Holum, Svein Erik Åmås, Lill Haugen, Tomas Hustad og Knut Hustad.

Engelske tekster tyder også at Edith, kjend som ein flink vokalist frå m.a. danseband og som soloartist, også siktar seg inn på eit internasjonalt publikum. Edith håper målgruppa kan vere stor. Turisme er naturleg å tenkje seg når det handlar om den ville og vakre naturen som ligg rundt ein over alt i Hjørundfjorden. Og dette er kanskje noko for hurtigruta sine passasjerar?

Fint minne

– Mulegheitene er mange. Denne DVD-en går ikkje ut på dato. Eg håper mange finn glede av resultatet som kan vere eit fint minne å ta vare på, seier Edith Flakk.

DVD-en vert distribuert i Møre og Romsdal. Lokalt er han førebels til sals hos kaffibaren Fugl Føniks og Bellingen på Sæbø. Også nettsida bergteken.no, som snart er på lufta, skal selje DVD-en til kreative Edith Flakk.