For steelgitarist Lars Egil Vågseter og trommeslagar Bjørn Marius Øyehaug sluttar i bandet til nyttår. Vågseter fordi han meiner han som 62-åring må trappe ned turnelivet, medan Øyehaug ynskjer å gjere noko heilt nytt.

– Vi synest sjølvsag det er leitt at desse to skal slutte i bandet, men samstundes må vi berre ha respekt for vala dei vil ta. Vi er alt på gang med å få tak i erstattar til dei to, fortel Sindre Aam og Rune Brautaset i bandet.

Vågsæther

Lars Egil Vågseter har vore med i Vassendgutane omtrent sidan starten.

– Eg kom vil inn eit halvt år etter at bandet hadde starta. Det vil seie at eg har vore med i sytten år. Dei fyrste åra hadde eg også andre speleoppdrag, men etter kvart som det tok laust, har det mest berre vore Vassendgutane, seier Vågseter. med steelgitaren sin har han vore med på å gje Vassendgutane særpreg. Han synest sjølv det har vore nokre flotte år.

– Det har jo vore eit eventyr. Rett og slett eit eventyr. Eg har fått vere med og spele i det mest turnerande og til tider det mestseljande bandet i Noreg. Det har vore heilt fantastisk, og det har eg sagt til gutane også, seier Vågseter.

Når han no trappar ned, er det fordi kroppen seier stopp.

– Eg har passert seksti, og eg byrjar å verte sliten. Turnelivet røyner på, seier Vågsæther.

Han kjem til å halde fram som musikar.

– Det vert framleis musikk i rikt monn. Eg skal både i gang med eit soloprosjekt, og reknar med det vert oppdrag for andre. Eg er jo ein ganske rutinert steelgitarist, og dei er det ikkje for mange av, seier Vågseter.

Øyehaug

Bjørn Marius Øyehaug (23) kom inn i bandet som nittenåring. Han meiner tida no er inne for å gjere noko nytt. – Eg må tenkje utdanning, eller om eg skal satse for fullt på å vere godstransport-sjåfør, seier Øyehaug.

For han har det vore ei oppleving å vere med i Vassendgutane.

– Eg kom inn i bandet då dei var på det aller mest populære. Det har vore lærerikt og spennande å vere med, og eg er ei livserfaring rikare, seier Bjørn Marius.

Han vedgår at det også har vore slitsamt.

– Dei siste åra har det ikkje vore nok spelejobbar til at eg kunne ha ei inntekt åleine med å spele i bandet. Dermed har eg hatt anna arbeid ved sida av. Stundom har det ført til at eg mest ikkje har vore heime, seier Bjørn Marius.

Uansett vil han tenkje bere positivt tilbake på tida med Vassendgutane.

– Det vert noko eg vil ha med meg for resten av livet, seier han.

I Ørsta

Vågsæther og Øyehaug skal altså ikkje ut av bandet før til nyttår, og dei er på scena saman med resten av bandet komande fredag i Ørsta.

Heile bandet gler seg til å kome tilbake til Ørsta for å spele.

– For det fyrste er det lenge sidan vi har vore her, og for det andre har hotellet vorte veldig fint, og det er kjekt å spele der. Folk har også byrja å ta hotellet i bruk igjen, og det er positivt, seier Sindre Aam.

Men det både han og Brautaset gler seg aller mest til, er å vise utviklinga bandet har hatt dei siste åra

– Vi har faktisk endra oss. Det vil publikum høyre. At Frank Utgård har kome inn som gitarist har vore viktig. Han er ein stor ressurs, og har medverka både sosialt og musikalsk i bandet. Han har vorte ein svært god countrygitarist, seier Brautaset.

På scena på Hotell Ivar Aasen vil publikum få høyre frå den rikhaldige katalogen til Vassendgutane. Det vert kjende og kjære songar. Parallelt med turnelivet, er no også bandet i ferd med å spele inn ny plate.

– Plata kjem til seinvinteren/våren, og vil vere ei plate med berre nye låtar, fortel Aam.

Dei siste åra har platesalet i Noreg falle dramatisk. Det stadfestar Vassendgutane.

– Likevel er vi blant dei banda som framleis har eit visst platesal, og når det gjeld spelejobbar, vert dette året eit av dei mest aktive vi har hatt, seier Aam og Brautaset.

Etter speljobben i Ørsta, vert det mellom anna to oppdrag i Ørsta. Fyrst skal bandet fredag den 23. november spele på Youngstorget for å få opp stemninga blant alle Hødd-supporterane som då er i hovudstaden før cupfinalen. Helga etter vert det konsert på Rockefeller.

– Der håper vi å skape att den magiske stemninga det var då vi spelte inn DVD-en «live på Rockefeller», seier Brautaset.