Media, IKT og Design studentane Espen Faugstad og Christian Skodjereite har investert og satsa mykje meir enn kva den normale bachelorstudenten ville gjere. Saman med Eivind Nilsen driv dei produksjonsselskapet Steinkast i Volda, og førre helg vart innspeling av kortfilmen «Selvinnsikt – Eller Mangel På Sådan» gjennomført i Ålesund.

– Vi har jobba med denne filmen sidan desember med m.a. manus og planlegging. Skodespelarane har vi funne gjennom audition i Oslo og Ålesund, og dei meir profilerte skodespelarane har vi ringt til for å få med i produksjonen. Vi har også fått låne utstyr frå politiet til innspelinga. Vi har investert 150.000 kroner i filmutstyr, og då det var innkjøpt måtte vi ha nytt utstyr til å kunne redigere materialet på. No har vi brukt opp alt vi har av pengar, seier Faugstad.

Kokainbeslag i Ålesund

Kortfilmen handler om to politimenn som skal på besøk hos eit par tvilsame menneske i håp om å finne ein leietråd rundt Ålesund sitt desidert største kokainbeslag nokosinne, men ikkje alt går etter planen. For Faugstad og Skodjereite er kortfilmen ein del av den avsluttande bacheloroppgåva på Media, IKT og Design ved Høgskulen i Volda, men om det vert toppkarakter på oppgåva er Faugstad meir usikker på.

– Problemet er at vi har jobba så hardt med filmen at vi ikkje har kome så godt i gang med det skiftlege rundt. Filmen kan vere god, men om teorien ikkje held mål kan fort verte ein D, seier Faugstad med eit smil.

Audition for første gang

På lista over skodespelarar står m.a. Ina Breikvik og Erik-André Hvidsten, som har hovudrolla i filmen. Filmskaparane hadde ikkje erfaring med å halde audition før, men fann skodespelarar gjennom audition både i Ålesund og Oslo.

– Det var ikkje så altfor mange som dukka opp på audition, men det kom eit par. Det var første gangen i vårt liv vi heldt audition, og vi lurte på korleis det skulle gå. Nokre av skodespelarane vart casta til filmen, og desse ringde vi til. Dei andre skodespelarane fann vi gjennom audition, seier Faugstad.

De satsar mykje på denne produksjonen så då er vel målet å kunne leve av dette i framtida?

– Det er det eg ser føre meg, og noko slikt som vi håpar på, seier Faugstad.

Premierefest i Volda

Med filminnspeling førre helg er arbeidet med å redigere kortfilmen akkurat starta. I løpet av dei neste vekene vil dette arbeidet verte ferdigstilt, og kortfilmen vil verte klar til premierefesten på Volda filmteater den 29. mai.

– Det vil vere gratis inngang, og vi håpar at mange lokale også vil ta turen for å sjå filmen. Vi må også rette ein stor takk til kinosjef Oddbjørn Røys som låner oss lokala til Volda Filmteater, seier Faugstad.