Det har blitt selt nesten 200 vekepass til festivalen, i tillegg til mange enkeltbillettar. Artistane som har vore og er på Veka er mellom anna Veronica Maggio, Pendulum Dj-Set & Verse, D.D.E., Maria Mena, Lars Vaular, Jonas Alaska, Egil Olsen og Øystein Eckhoff. Men Veka er meir enn konsertar. Den inneheld også mellom anna pølsefest, vekerevy, baristakurs, skidag og mykje anna.
– Vi har satsa på å gjere Veka til meir enn berre konsertar, for at det skal vere noko for alle. Til dømes har vi to ungdomskonsertar, som er ein konsert med Lars Vaular og ein anna med Team Me og Honningbarna. Vi håpar at ungdommane i Volda og Ørsta vil gå på desse konsertane, seier Gukild.
Fylte Wembley -kjem til Rokken
Laurdag den 25. februar blir det avslutningskonsert med Pendulum DJ-Set & Verse.
– Eg håper folk forstår kor stort dette er. Pendulum DJ-Set & Verse fylte Wembley for berre nokre månader sidan, og no kjem dei til Volda! Med denne konserten vil vi avslutte Veka med eit smell, seier ein engasjert Gukild.
Folkefest i dag, laurdag
Vekesjefen er Emil Gukild og synest Veka har vore veldig bra så langt. Han trur laurdag blir ein bra dag.
– Laurdag lagar vi folkefest i sentrum, med «Voldadagen». Det blir ansiktsmaling, drops og mykje gøy på Spinneriet frå kl. 10. Etterpå skal det vere pølsefest på plassen mellom Kiwi og Europris kl. 12.00. Her vil det også bli konkurransar med billettpremiar. Det var Gilde som utlyste konkurransen om å ha pølsefest. Veka 2012 blei nominert av mange personar, som gjorde at vi vann konkurransen om å ha pølsefest sponsa av Gilde, seier Gukild.
Han påpeiker at Voldadagen er for folk i alle aldrar, og håpar mange vil kome.
Konsert med Veronica Maggio
Seinare på kvelden skal Veronica Maggio ha konsert på Rokken kl. 22.00. Denne konserten er egna for både ungdommar, studentar og andre interesserte. Arrangørane skriv mellom anna dette om henne:
«Veronica Maggio har etter tre album, eitt halvt dusin singlar og iherdig turneverksemd fått ein heilt spesiell plass i den nordiske musikkverda(...) I Sverige stakk ho blant anna av med prisen som årets kvinnelege artist, og Maggio har imponert fleire tusen med sine konsertar rundt i Norden. Veronica Maggio er ein av headlinerane under VEKA 12, og vil levera ein konsert du aldri kjem til å gløyma, med ei rekke av hits få kan måle seg med.» (Frå Veka sine nettsider).
Skidag og kyrkjekonsert
Neste dag, søndag den 19. februar blir det skidag på Volda skisenter, Reset.
– Her skal folk frå X2-festivalen arrangere skileikar og konkurransar med premiar. Det blir også afterski. Eg trur det blir ein veldig kjekk dag, seier Gukild.
Søndag kveld kjem Egil Olsen til Volda kyrkje og skal ha ein roleg konsert.
– Vi meiner at Volda kyrkje er fantastisk fin, og det har vore Veka-konsertar der tidlegare år. Difor er det fint å halde oppe den tradisjonen. Egil Olsen er også ein fantastisk artist. Han tar med seg vener og gitar og skal ha ein fin konsert for folk i alle aldrar, seier Gukild.
Gripande foredrag på Rokken
Arrangørane av Veka 2012 har også fått med seg den tidlegare basehopparen Karina Hollekim, som skal halde foredrag på Rokken tysdag 21. februar. Hollekim var ein av verdas beste frikøyrarar på ski. Men livet hennar snudde i 2006 då ein fallskjerm ikkje opna seg, og ho small i ein stein i fritt fall. Beina i underkroppen knuste, og ho svevde mellom liv og død i fleire dagar. Legane trudde ho aldri ville gå igjen, men no både klatrar ho og står litt på ski.
I foredraget fortel ho om den lange vegen tilbake på beina igjen.
– Karina Hollekim fall på bakken i ein fart på 90 km/timen. Det tok fem år for henne å byggje opp igjen kroppen, og på tysdag kjem ho gåande inn på Rokken. Det gler vi oss til, seier Gukild.
Program for kvar ein smak
Komande veke blir det program kvar dag fram til neste laurdag. Stikkord er open mic på Rokken, trubaduren Øystein Eckhoff, trønderfest med D.D.E., Honningbarna, Jonas Alaska og Maria Mena.
– Det blir noko for kvar ein smak i programmet neste veke. Med D.D.E.-konserten blir det trønderfest og vi håpar spesielt at lokalbefolkninga vil kome. Konserten med Maria Mena og Jonas Alaska på Rokken er ein konsert for alle, med sitjeplassar og roleg stemning. seier Gukild.
Han avsluttar med ei oppmoding:
– Uansett kven du er i Volda og Ørsta, håpar vi du vil nytte moglegheita og kome på arrangementa, seier Gukild.
Heile programmet ser du på Veka 2012 sine nettsider.
