Dei kom til Ørsta på flukt frå krig og ekstremisme i Syria. Fredag gav dei noko tilbake til Ørsta-samfunnet.

Marius Myklebust

marius.myklebust@morenytt.no

– Ørsta er ein veldig fin og trygg stad å vere, og det er fint å bli kjent med folk på eit slikt arrangement.

Jihad har knapt nok tid til å snakke med Møre-Nytt. Han har ansvaret for å ta imot betaling under kulturkafeen på Kaihuset. Flyktningar frå forskjellige land serverer mat frå heimlanda sine fleire fredagar framover hausten. Denne fredagen er det syrisk mat som står på menyen.

Syrisk meny

– Vi serverer falafel og hummus, med maroc til dessert. Maroc er ei kjend, syrisk kake, forklarer Jihad på ei blanding av engelsk og imponerande god norsk.

Det syriske kjøkenet liknar litt på det tyrkiske, men at det er ein del andre smakar, ifølgje Jihad

Han har vore i Noreg og Ørsta i nokre månader no, og er ein av mellom 15 og 20 syrarar i Ørsta. Han likar seg godt.

– Det er eit vakkert land, med kjekke og snille folk som har teke oss godt imot.

Han fortel til Møre-Nytt at mange vener har lagt ut på den farlege ferda frå levanten mot Europa.

– Eg er uroa for dei kvar dag.

Stor suksess

Kulturkafeen i Ørsta vart starta opp i fjor haust, og har vore ein stor suksess. Kafeen har fleire funksjonar. Flyktningane kjem i kontakt med andre folk i Ørsta, og får trene seg i norsk. Men det er også ein måte for flyktningane å gi noko tilbake til samfunnet som har teke imot dei.

– Det er fint å kunne bidra, seier Jihad.

Lærarane Janita Vattøy og Monica Sætre er imponerte over oppmøtet på kulturkafeen.

– Det er jo heilt fullt her, og vi opna for ti minutt sidan. Heilt fantastisk. I dag har vi besøk frå Volda her også. Dei vurderer nemleg å starte kulturkafé der også, seier Vattøy.

Ho forklarer at det er fleire måtar å treffe flyktningar for dei som ønskjer det.

– Vi har samtalegrupper som folk gjerne kan melde seg på.

Jihad seier at han ser for seg å vere i Noreg ei stund. Det ser ikkje ut til at situasjonen i heimlandet betrar seg med det første.

– Men om det stabiliserer seg, vil eg vurdere det. Syria er eigentleg eit fint land. Og så er det berre heime som er heime.