– Responsen etter at vi offentleggjorde planane om Musikk i sentrum har rett og slett vore overveldande, og berre positivt. Dette er veldig gledeleg og akkurat det vi ynskjer. Det viser også at om nokon gidd å ta initiativ så er her vilje i Ørsta, seier Nils Dragnes som saman med Hans Robert Bondhus står bak Musikk i sentrum.

I slutten av juli gjekk Dragnes og Bondhus ut i Møre-Nytt og inviterte alle musikarar i området til å bidra til arrangementet. Laurdag står femten artistar på scena i paviljongen og skal spele for publikum i Laguneparken.

– Det er eit vidt spenn på artistane både i alder og sjanger. Jenni Bratteberg Aamås er den yngste på 11 år og Inge Akerø den eldste. Musikken vil variere frå hiphop til country, og vi har ikkje sagt nei til nokon som har teke kontakt med ynskje om å spele. Det var og poenget. Dei som driv med noko skal også få vise det fram.

Kvart på eitt opnar ordførar Rune Hovde saman med programleiarane arrangementet og opnar paviljongen att etter oppussinga. På scena får publikum oppleve Stig Ulv, Marit Lystad Johansen Band, Rotlaus, Inge Akerø, My Descending Ark, Kaisa og Jørgen, Greinalaust, Underetasjen, Jenni og Jossi, Loui og Lexus, KolaBruise, Himmelstormer, Safyria, Pikekyss, og Shaw. Totalt varer programmet i litt over sju timar laurdag, og Hanne Aarseth og Victoria Halse skal vere programleiarar.

– Vi trur at det skal gå bra, og vi har litt programleiarerfaring frå før av. Vi gler oss til dette, seier dei.

Arrangørane er i gang med arbeidet for å få stengt Parkvegen under arrangementet. No kryssar dei fingrane for at vêret også er på deira side.

– Viss det skulle drype litt så har vi fått tak i telt så folk kan halde seg tørre. Telta har vi fått gjennom velvilje frå privatpersonar. Sutjai Tharai Skarstein er klar med matvogna si, fotballgruppa stiller med kiosk og kinoen vil selje slush og sukkerspinn. Det vil vere mogleg å bruke fasilitetane på Hotel Ivar Aasen. Ørsta Sentrum har m.a. bidrege med å få sponsa spleisekasse til lydanlegget. Vi har leig inn lydanlegg og teknikar, og Lydkjellaren låner oss utstyr som vi manglar gratis. LA lyd låner også vekk utstyr til oss, i tillegg til at medlemmer i ulike band stiller med backline til heile arrangementet. Til og med erfarne teknikarar og scenearbeidarar stiller gratis opp på både rigg og gjennomføring, og dette er ein skikkeleg dugnad. Det er heller ikkje feil om folk hjelper oss fredag med å rigge telt og anna.

Arrangementet har vorte større enn først tenkt.

– Det er mange som har bidrege, og det har vorte eit større opplegg enn det vi først tenkte å lage. Om alt klaffar vert dette ein musikalsk folkefest.