Dette vart klart då styret Stiftinga UNI avgjorde å løyve 246.926 kroner til dette førermålet

MS Hindholmen er ein gammal fiskebåt bygt ved Kristiansand mekaniske verkstad i 1916, og har vore nytta til dei fleste fiskeria langs norskekysten og på dei store hav ved Island, Færøyane, Shetland, Hebridane og Grønland.

Båten var ått og drifta av Aarseth-reiarlaget på Vartdal.

Båten gjekk ut av drift i 1978 og ei venneforeining, Hindholmens venner, tok over i 1979.

Stiftinga MS Hindholmen vart etablert i 1994, og fartyet står på Riksantikvaren sine lister.

I 2016 fyller MS Hindholmen 100 år, og det er behov for generelle vedlikehaldsarbeid for å få passasjerbåtsertifikatet på plass. Som passasjerbåt er krava særlig strenge.

I jubileumsåret vil stiftinga leggje stor vekt på formidlingsdelen – å synleggjere båten og historia på ein levande og interessant måte med brosjyrar, plakatar, m.m. Båten skal også delta på ulike arrangement rundt om i fylket.

Stiftinga UNI er ei allmennyttig stifting som gir økonomisk støtte til tiltak som vernar menneske og fortidsminner.