– No lagar vi til skinnpungar som vi skal lage skinnpungar av. I jarnalderen hadde dei ikkje lommer på kleda, og måtte lage til skinnpungar for å ha ting i, fortel Sandra Myklebust Bjørdal frå Velle skule.

Det var onsdag og torsdag elevane frå sjette klasse i grunnskulen i Ørsta var inviterte til Brudavololtunet. Det er Stiftinga Sunnmøre Museum som står bak opplegget.

– Vi har valt ut sjette klasse fordi dei har jarnalderen som tema. Her i Brudavolltunet har vi valt å fokusere på det som gjorde jarnalderen framtidsretta. I Nord-Europa handla det om utferdstrong, og kva som gjorde dette mogleg. Det handlar om skip og ikkje minst segl. Det var ein veldig folkevekst, og det at folk reiste ut, medførte også ei ein stor kulturpåverknad. Til dømes var det i jarnalderen at folket i Nord-Europa lærte seg å produsere glas, ein kunnskap som var henta på sørlegare breiddegrader fortel Ingvild Naalsund, fagansvarleg for formidling i Stiftinga Sunnmøre Museum, og også fylkesformidlar.

Før samlinga på Brudavoltunet var arkeolog Heidi Haugen ute på dei skulane som ville vere med på undervisningsopplegget. Ho fortalde mellom anna om jarnalderfunn som er gjort i Ørsta. Dei er det mange av.

Fem tilsette i Sunnmøre Museum var med på undervisninga i Brudavolltunet, inkludert styrar for Brudavolltunet, Heidi Brunstad. Det var i tillegg Naalsund, Cecilie Rørstad, styrar ved Volda bygdetun, Skafti Helgason og Petter Ose.

Elevane fekk vere med på mykje spennande, som dragkampar, bogeskyting, skinnbearbeiding, sverdkamp og fletting.

– Det er veldig engasjerte elevar som er med her. Dei har med seg flinke lærarar som har budd elevane godt, seier Naalsund.