– Utstillinga er for hopper, vallak og unghest, og det kjem alt frå fjordhest til shetlandsponni, dølahest, islandshest, shagya-araber og gypsy cob, sistnemnde trur eg aldri eg har sett før sjølv ein gong, fortel Madsi Vinjevoll frå arrangøren Ørsta og Volda Fjordhestlag.

Alle hestane skal verte dømde etter eksteriør, rasetype, preg, kroppsbygging, muskulatur, bein, beinstilling og rørsle. Det vert også ulike bruksprøver på hestane, i køyring, riding og tømmekøyring.

Lokalt stiller atten deltakarar, resten er folk frå Oppdal i nord til Nordfjord i sør.

– Laget vårt er også 90 år i år, så vi vil markere dette med at alle deltakarane går i parade gjennom Ørsta sentrum før utstillinga startar. Vi håper mange publikummarar finn vegen til utstillinga, og vi stiller sjølvsagt med stor kiosk og matsal, med rømmegraut og lapskaus.

I tillegg vert det arrangert noko som heiter skeid. Det er ei øving der hest og ryttar skal gjennom ei hinderløype. Dette er delt i tre ulike klasser.

– Mellom anna ei leideklasse, der alle kan få prøve seg, så ta gjerne med hest og ver med, oppmodar Vinjevoll