<strong>Fest:</strong> Runar Gudnason var i storslag i teltet i Ulsteinvik laurdag. Det same var vokalist Gunnar Solheim i BokkeReidars.

Fest: Runar Gudnason var i storslag i teltet i Ulsteinvik laurdag. Det same var vokalist Gunnar Solheim i BokkeReidars.

Side Brok og BokkeReidars skapte åtgaum

Det kokte i ramsalte Ulsteinvik laurdag, då Side Brok og BokkeReidars Bluesband røykla storteltet til Trebaatfestivalen.

Og artistane leverte varene i teltet der også ei rekkje voldingar og ørstingar hadde knytt marinegenseren rundt halsen denne augustvarme kvelden for å kose seg med eit glas eller to, til god musikk.

For det vert stemning når artistane ikkje berre kjem ned i salen og går sikksakk mellom benker og folk. Når den heilblå saksofonisten Trond Johnsen, som ikkje er sponsa av Erna Solberg sitt regime, til og med klatrar på bordet, og hoppar lett over halvliterar og dyre handvesker frå Michael Kors, og når Duracell-vokalist Gunnar Solheim gjer noko av det same, så skaper det definitivt stemning. Like mykje som når Hovdebygda-rapparane Runar Gudnason, iført ei blanding av selskapskjole frå Flø og silkedrakt som i Saudi-Arabia, og makker Bård Aasen Lødemel i knallraud Hovdebygda IL-jakke, lograr med halen og fyrer opp publikum med hitar medan blåsen frå BokkeReidars dansar som ei varm bølgje gjennom partyteltet.

Slikt skaper liv. Og slikt set eit godt punktum for ein vellukka Trebaatfestival.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Dette vert lest no:

- Dei fleste ser heilt friske ut, og det er vanskeleg for andre å sjå og forstå at dei er sjuke

Oddhill var ei energibombe. Så sa det stopp

Det var ingenting som kunne stoppe Oddhill Sætre (51). Ho var ei energibombe. Alltid på farta. Så sa det stopp. Bom stopp.

Dalegubben opp

Under timen på Dalegubben

Andreas Skylstad frå Øye var førstemann på Dalegubben opp søndag.

Søkjer byggjeløyve for tømmerkaia

Tømmerdal Consult har no søkt byggjeløyve for den nye tømmerkaia ved Ørstaterminalen.

Tilseth Blomster er 15 år

- Målet er å ha landets beste blomsterbutikk

Tilseth Blomster på Amfi i Ørsta feirar i desse dagar 15 år.

Sommaren er ikkje over

Ørsta får tjue varmegrader i morgon

Det vert dagar med kjempevêr i Ørsta neste veke

Tok til tårene i kjensleladd innlegg

Marit Aklestad (SV) heldt eit kjensleladd innlegg då ho fekk kommunestyret med seg på å halde barnetrygda utanfor når sosialhjelp skal bereknast i Ørsta kommune.

– Inge Kolås var ugild i saka om bustadfelt på Legene

– Leiar i samfunnsutvalet og kommunestyremedlem Inge Kolås har vore ugild med å førebu og å treffe avgjerder som gjeld bustadfeltet Legene på Åmås i tidsrommet mars 2013 til desember 2016.

Mattilsynet:

- Har vorte strengare mot dyreeigarane

Mattilsynet har i år politimeldt fleire dyreeigarar enn tidlegare. Talet på bekymringsmeldingar aukar også, viser ein rapport frå tilsynet.

Vidundermedisin mot hudsjukdom?

Frisk av silderogn

Håvard Vartdal vart frisk av silderogn-produkt frå Ørsta-bedrift

Sjå stort bildegalleri

1000 opplevde fartsshow på Mosflata

Med kring tusen tilskodarar var det reine folkevandringa til dragrace-showet på Mosflata laurdag.