– Det er noko eige med utflytta ørstingar. Vi finn kvarandre i storbyen, seier Caroline Hitland (31).

Den unge artisten har flytta heim etter fleire år i utlandet. Ho har bakgrunn som songar, og har mellom anna jobba for det tyske cruisebåtselskapet AIDA.

– Men eg trengde nye utfordringar, og flytta difor til Oslo for å studere kulturleiing på BI. Og i Oslo møtte eg Egil og Karen Olsen.

Dei to er godt etablert i musikkmiljøet i hovudstaden, og gjennom dei vart Caroline introdusert for mange nye kjenningar.

– Eg har fått møte mange bra folk. Mellom dei var regissøren Sten Hellevig. Han fortalde meg for tre år sidan om spelefilmen han skulle lage.

Filmen som var i emning var inspirert av miljøet rundt bandet Dryads som eksisterte i Kristiansand på 90-talet, med Thom Hell som eine bandmedlemet. Frontfiguren i dette bandet var veldig karismatisk, men samstundes ganske usympatisk og kompromisslaus, og han vart inspirasjonskjelda til hovudkarakteren Henriette i filmen, spelt av Iben Akerlie.

Sjå trailer frå filmen:

Det tek vanlegvis fleire år frå manusutvikling til den ferdige filmen er å sjå på kino. For Dryads har denne prosessen teke tre år.

– Eg har vore med heile vegen, og har vore tilsett i ulike periodar. I fjor var eg koordinator under innspelinga, og i år har eg vore tilsett i lanseringa.

Og bakgrunnen som artist kom godt med under sjølve produksjonen av Dryads.

– Eg måtte mellom anna sørge for at vi hadde det meste av musikken innspelt på førehand før vi gjekk i opptak, og her var mellom andre Egil Olsen god å kjenne.

Dei var i studioet til Egil, «The Låve», og spelte inn songar til scener som dei seinare skulle filme.

Karen Rosenberg Olsen var også involvert som songpedagog for dei to yngste skodespelarane, Anneli Aune og Vilde Zeiner, som begge syng solo i opningsscena av filmen.

– Det er kjekt å kunne bruke dei ressursane du har rundt deg, og jobbe saman med folk du kjenner. Og ekstra gøy var det for meg i vår då regissøren fann ut at han ville bruke ein song eg laga saman med Svein Erik Åmås som heiter «The Risk». Songen vert brukt i tre ulike scener, og er litt Ellie Goulding.-aktig.

No håper Caroline at mange vil besøke Ørsta kino på fredag for å sjå filmen.

– Det er kjempestas at filmen er sett opp i Ørsta.

Dryads skal gå på kinoar over heile landet frå 7. august, og opnar Øyakino i Oslo på fredag. Torsdag kveld besøker skodespelarane Sommeråpent på NRK1, og der vil Thom Hell og Allan Hyde framføre ein låt frå filmen.

– Dette er den einaste norske ungdomsfilmen som kjem på kino i år, og vi er fleire ørstingar som har vore involvert, så det hadde vore veldig kjekt om mange tok turen for å sjå, oppmodar Caroline.