Vêret, rjomegrauten og stemninga var på topp under det tradisjonsrike Olsok-stemnet på Brudavolltunet.

– Grauten her er heilt nydeleg, stadfestar Paul Ørstavik, før han tok fram ei songtekst og for full hals song for dei andre rundt bordet.

Olsok-stemnet var vellukka i år igjen, og på tunet heldt regnet seg vekke også denne dagen.

– Her har vi alltid sol, seier Heidi Brunstad-Øyehaug smilande, før ho uttrykker kor glad ho er for alle dei frivillige i Ørsta Bygdemuseumslag som har stilt opp.

– Her kjem dei frivillige heilt umelde, og det er eg så glad for. Utan ein god dugnad hadde ikkje denne feiringa fungert, seier ho.

Feiring og servering

Olsok er ei årleg feiring av Olav den heilage som døde under slaget på Stiklestad 29. juli i 1030. Frå tidleg 70-talet har Brudavolltunet feira denne dagen, og i 25 år har dei også hatt gudsteneste etter maten. I år var det sokneprest Arne Moltubakk som stod for gudstenesta.

På tunet var det sal av rjomegraut, sveler og kaffi.

Ein kunne kjenne ei nydeleg steikeos som kom frå Eldshuset på tunet, for her stod Torhild Øie med forkle og skaut og laga natronkaker. Kakene vart selt unna i ein fei, og Torhild rakk så vidt å steike ferdig nye kaker før bretta var tomme.

– Tidlegare år var det Aslaug Foldal som stod for steikinga av natronkakene. Så var det eit par år opphald før eg for om lag to år sidan tok over tradisjonen med å steike. Eg brukar same oppskrift som ho, og den er kjempegod. Rett nok ein god del søtare enn den var før i tida, då vi no har ein god del sirup og sukker i deigen. Men utanom det er det etter same måten, med natron brukt for heving, og blanda saman med surmjølk og kveitemjøl, forklarar Torhild Øie.

På tunet stilte Per Sverre Hovdenakk ut fleire av sine handlaga gjenstandar av tre. Utstillingsmodellen av eit kvernhus fekk mykje merksemd, og folk var imponerte over handverken hans.

Ovanfor han sat Solveig Grimstad saman med mora Margot Grimstad med hjulrokkane sine. Her fekk borna prøve seg på å spinne tråd av ull på gamlemåten.