Pila peikar oppover for Villa Norangdal på Fivelstadhaugen.

Og eigaren er nøgd med dagane som hotellvert.

– Vi har hatt ein fin auke kvart år. I periodar kunne vi ha fylt huset med tre gonger så mange gjester som vi har plass til. Utfordringa er at vi har avgrensa kapasitet.

Kjøpte

Iris Fivelstad (40) kjøpte hotellet, som vart bygt i 1885 med førti kroner i støtte frå Den Norske Turistforening, på tvangsauksjon til 10.000 kroner. Det er nitten år sidan. Då hadde hotellet vore stengt i førti år, og ein enorm oppussingsfase stod for tur då dette vart starta i 2003. Fire år seinare kunne Iris Fivelstad endeleg opne det intime hotellet med seks rom.

Og det er eit særs sjarmerande hotell, med spesielt interiør, som møter gjester frå inn- og utland. Innhaldet i bygningen har særpreg med si retrosatsing: Villa Norangdal er i dag eit Boutique hotell, eit temahotell, med unik innreiing. I hotellet vil folk kunne få med seg designhistoria frå Jugendstilen i 1900 via Art Deco i 1920/1930 til Scandinavian Design i 1950 og Space Age i 1960. Litt røft og litt luksus, Rough Luxe blant fjella, den friske lufta og suset frå elva. Hotelleigaren meiner det unike med konseptet er at folk kan kome til hotellet og oppleve Sunnmørsalpane akkurat på den måten folk gjorde i gamle dagar.

Skilje seg ut

Iris Fivelstad syntest ikkje det var nok berre å setje i stand bygningen. Hotellet skulle skilje seg frå andre hotell, og så kom ho på ideen om å innreie romma med ulik, tidsrett interiør. Dei seks dobbeltromma har fått namna 1900, 1920, 1930, 1950, 1960 og 1970, og er innreidd med ei blanding av internasjonale designikon og ekte sunnmørske møbelklassikarar som korgstolane til P.I. Langlo frå starten av 1900-talet, og den originale Stresslessen med metallunderstell. Mykje av inventaret har Iris spora opp på Sunnmøre, anna er kjøpt i europeiske brukt- og antikkforretningar – eller spesiallaga etter originale teikningar og mønster.

– Eg er oppteken av å fortelje og vise den sunnmørske møbelindustrien. Mange får seg ei aha-oppleving når dei får vite at møblar dei har heime faktisk er laga på våre kantar, og at gjestene har kome til eit område med verdas mest avanserte møbelindustri, reflekterer Iris. I tillegg til hotellsatsinga er ho store delar av året om bord på KNM Roald Amundsen som orlogskaptein og nestkommanderande. Når ho er heime, tek ho imot gjester frå store delar av verda. Mange av dei er fjellfolk.

– Den typiske gjesten er ein reisevand person i middelklassa som har planlagt ferien gjennom internett. Eg har hatt folk frå m.a. Kina, Russland, Brasil og Midt-Austen.

Om våren har Villa Norangdal mange gjester som skal på skitur i fjella. Sesongen til hotellet er frå 1. mars til 10. oktober, men Iris opnar dørene utanom viss det kjem større grupper til hotellet. Også for slutta lag som bursdagsfeiringar og konfirmasjonar.

Avgrensa

Med berre seks rom avgrensar omsetninga seg. Iris er no i tenkjeboksa for korleis ho kan utvikle konseptet og selskapet ho driv. Eit alternativ kan vere eit nytt bygg, men ikkje i tilknyting til dagens hotell. Ho har samtidig fått fleire bein å stå på: Snart lanserer Iris Fivelstad ein nasjonal app som fungerersom ei turdagbok. Iris hjelper også systera Ellen Fivelstad og ektefellen hennar med Hellesylt Boutique & Bar, ein nyopna kaffibar i gamlegata på Hellesylt som erstattar dagsserveringa på hotellet.

– Ellen og eg hjelper og støttar kvarandre. Når eg er til sjøs er det Ellen som i stor grad er dagleg leiar for hotellet. Vi kallar oss Team Norangdal, eit godt team, smiler Iris Fivelstad.