Dei kunne ikkje ha bede om meir, verken arrangørar, publikum eller Vamp. Det var sol, det var høge fjell, det var fullt hus, god musikk og stor stemning i hagen ved Hotel Union Øye tysdag.

Sjå video nedst i saka.

550 hadde løyst billettar til eventyret. Like mange kjem for å få med seg konserten onsdag.

Hotelldirektør Mariann Øye-Mork var eit einaste stort smil under konserten.

- Det er heilt utruleg. Det er heilt absurd. Enormt! Vi har aldri gjort dette før, og eg var redd for om vi skulle klare det. Men som Pippi tenkte vi: Dette har vi aldri gjort før, så det går sikkert fint.

Og Vamp var like begeistra.

- For ei lykke det er å spele på Øye! strålte primus motor Øyvind Staveland.