– Vi inviterer no alle musikarar i området og spør om dei vil vere med å bidra til Musikk i sentrum. Her er ikkje nokon terskel, og om du vil spele ein song eller opptre i tjue minutt så er du velkomen, seier Nils Dragnes og Hans Robert Bondhus som står bak arrangementet.

Musikk i sentrum er gratis og ope for alle. Arrangørane har fått låne paviljongen frå Ørsta kommune, og Sutjai Tharai Skarstein vil flytte matvogna si til Laguneparken og selje thaimat. Arrangørane har lyst til å vise kor enkelt det kan vere å arrangere noko i Ørsta.

– Vi er einig i utspelet til Kyrre Grimstad om at det skjer for lite, og for vår del var det perfekt timing for utspelet. Det er heilt sikkert folk som har lyst til å få til noko, og vi har lyst til å vise kor enkelt det kan gjerast.

Både Dragnes og Bondhus har vore ein del av musikkmiljøet i Ørsta i mange år, og har sett at det har vorte færre yngre som vert ein del av miljøet.

– At det skjer lite kan illustrerast med at det er færre unge som driv med musikk. For 10–15 år sidan stod vi sjølve i kø på Kaihuset for å sikre oss eit ledig øvingsrom. Vi har von om at vi med Musikk i sentrum kan inspirere litt, og skape litt blest om ein hobby som er dyr og som fleire brukar mykje tid på. No får mange ein sjanse til å vise seg fram og det er årsaka til at mange held på med musikk.

Bondhus vart sjølv inspirert til å drive med musikk etter ein konsert i paviljongen.

– Eit av intrykka eg hugsar vart avgjerande for at eg valde å halde på med musikk, var då eg høyrde eit band spele Are you gonna go my way av Lenny Kravitz i paviljongen ein gong på 90-talet.

Spleisekasse

Den einaste utgifta Musikk i sentrum har er leige av lydanlegg. For å dekke den utgifta vert det sett opp ei spleisekasse.

– Om det vert eit overskot vil vi gje desse pengane til foreininga Ørsta sentrum, som stiller med stand under arrangementet. Om det skulle verte regn vil det bli sett opp nokre telt.

– Om Musikk i sentrum skulle verte ein suksess vil de halde fram med å arrangere det til neste år?

– Vi får først sjå korleis det går. Det treng ikkje å vere noko meir enn noko som ein har om sommaren. Musikk i paviljongen av og til er kjekt for alle. Arrangementet er noko som musikkmiljøet sjølv har ordna, og det var det meir av tidlegare.

For dei som ønsker å ta del i Musikk i sentrum 5. september er det berre å ta kontakt med Dragnes eller Bondhus via Facebook eller andre kanalar.

– Her er det ikkje noko terskel, og om du framføre ein song så får du lov til det. Alle som vil framføre er velkomne, og tips gjerne kjenningar som kunne tenke seg å stille opp. Dette er noko som ofte vert sagt, men med oss stemmer det, seier arrangørane.