Dette uttrykker Oddny Solhaug Hovde, som Møre-Nytt møtte saman med May Brungot og Marit Torgersen, for å få nokre tips om stell av hage. Dei er alle styremedlem i Ørsta Hagelag, og er svært samde om kva «haging» betyr for dei. Marit Torgersen poengterer:

– Hagen sin skal ein gjerne ha heile livet. Då er det viktig å trivast der. Det er for meg ein fristad eg kan slappe av i. – Men det er sjølvsagt heilt opp til den enkelte korleis ein ønskjer å ha hagen sin. Nokre er glad i rosehagar, og andre er meir glad i å lage til grønsakhagar. Det viktigaste er at ein lagar det til ut ifrå kva ein sjølv synest er kjekt eller fint, og gjerne ut ifrå kva som står i stil med huset sitt og naturen rundt, fortel damene.

Utover dette kjem dei med nokre konkrete tips til dei som har lite erfaring med hagestell.

– Ein bør tenke over å handle blomar og planter tilpassa klimaet vi har her på Sunnmøre, seier May Brungot.

– Som då handlar om å kjøpe herdige blomar. Det vil seie at vi som bur her bør velje planter tileigna herdigheitssone 4-5, fortsett Oddny.

Dei understrekar også at det ikkje er naudsynt å velje planter som krev mykje stell for å få det fint i hagen.

– Det finst mange lettstelte, vakre planter. For å unngå mykje ugras kan ein til dømes tenke over å ha minst mogleg open jord i bedet sitt. Då handlar det om å kjøpe planter som veks utover bakken, som til dømes microbiot eller klatrehortensia, forklarar Oddny.

Med hage kan ein likevel støyte på utfordringar. Bladlus er eit kjent problem, og her kjem damene med ei oppmoding til ettertanke: tenk over kva middel du sprayar i hagen din. Ikkje bruk middel som kan skade insekt som vi alle på jorda er heilt avhengig av!

Hagelaget

For to år sidan hadde Ørsta Hagelag 50-årsjubileum. Som medlem i Hagelaget kan ein mellom anna ta del i fellesturar til gartneri, eller hagebesøk til ulike stadar på Sunnmøre.

– Det er ei rein glede å vere med i hagelaget. Det handlar først og fremst om å dele lidenskap for hagestell. Alle som ønskjer kan bli medlem, og ein har ingen forpliktingar. Ein må ikkje ha noko erfaring innan hage, berre ein har interesse for å lære, fortel Oddny.