Det fortel Palma Bjørdal. Søndag var ho fullt ut oppteken med å server graut til gjestene på Brudavolltunet.

Grautsesongen er i gang, og det har vorte eit populært søndagsinnslag i Ørsta.

Kvar søndag

– Vi kjem til å ha ope kvar søndag til og med 30 august, fortel Amalie Bornstein, som er sommarhjelpe på Ørsta bygdetun.

Det som har fått grautsalet til å skyte fart på Brudavolltunet er den nye sørvisbygningen nede ved vegen. Her er det moderne fasilitetar, og det er mykje enklare både å koke grauten og servere gjestene.

Mange kjem for grauten sin del, og mange tek seg også ei vandring mellom dei gamle bygningane i sjølve museumstunet.

– Vi har ikkje ope i sjølve museet kvar søndag, men folk likar likevel å ta seg ei vandring i det fine miljøet, seier Bjørdal.

Nye gardiner

Bygdemuseet har stelt det fint til i serveringslokala med nye gardiner og bilete på veggene.

– Spesielt gardinene har vore viktig, for det har dempa klangen i rommet, og gjer det meir koseleg å sitje her, fortel Bjørdal.

Søndag var det eit heller dårleg ver, men for grautsalet gjer det ingen ting. Heller er det tvert i mot.

– Styggevêret gjer at folk ynskjer å vere innandørs. Dei kan gjerne reise på ein søndagstur, men dei må vite at dei kan vere inne. Då er det fint at vi kan gje eit slikt tilbod, seier Bjørdal.

Mellom dei som har teke turen er Marit Vatne og Sigrid rekkedal. Dei kosar seg med grauten som vert servert.

Nydeleg

– Det er ein heilt nydeleg graut. Det er supert med eit slikt tilbod, og når det er dårleg ver, varmar det godt med ein porsjon graut, seier Vatne og Rekkedal.

Dei er takksame overfor dei som står bak grautsalet.

Olsok

Grautsalet vil altså halde fram kvar søndag ut august månad. I tillegg vert det fleire andre opningsdagar på Brudavolltunet. Det årlege olsokstemnet er eit av tiltaka.

– Det kan nok variere med besøket frå søndag til søndag, men jamt over er vi nøgde med det besøket som har vore så langt i år, seier Bjørdal og Bornstein.

– Grauten er nydeleg seier Sigrid Rekkedal og Marit Vatne.