- Sommarljom er ein unik festival i hjartet av Ørsta sentrum, med fokus på sjangerblanding og intimkonsertar, fortel Karen Rosenberg Olsen, ein av arrangørane av Sommarljom. Sommarljom vart arrangert som todagers festival for fyrste gong sommaren 2013, men festivalen er ei forlenging av sommarkonsertar som vi har arrangert i Ørsta sidan 2011, fortel Rosenberg Olsen.

Festivalen vart etablert av jazzbassist Audun Ellingsen og operasongar Karen Rosenberg Olsen, og er no stifta som foreining, der også jazzbassist Torkjell Hovland er med.

Festivalen i 2014 var ein suksess både musikalsk og publikumsmessig. På programmet stod bl.a. konsert med jazz og videokunst i Ørsta Kyrkje og konsert med indisk musikk, opera, tango, impro og akustisk pop i Ørsta Kunsthus.

– Vi hadde for fyrste gong felles marknadsføring med Naturfestivalen i Ørsta og nådde soleis ut til eit større publikum.

I 2015 har Sommarljom igjen eit spanande og variert program, og festivalen håper på å nå ut til eit enno større publikum

– Samstundes som vi er opptekne av å ta vare på festivalen sitt særpreg. Utøvarane er på eit høgt nasjonalt/internasjonalt nivå, men vi har også fokus på å fremje lokale talent og å skape ein møteplass der dei kan oppleve og samarbeide med profesjonelle musikarar, fortel arrangørane.

Nytt av året i 2015 er at Sommarljom i tillegg til å ha ein konsertkveld i kyrkja og ein på Kunsthuset også har ein intimkonsert på dagtid i eit nedlagd butikklokale i gågata i Ørsta sentrum.

Program Sommarljom 2015:

Fredag 31. juli:

Sommarljomkveld i Ørsta Kyrkje

- Torkjell Hovland (kontrabass, impro)

- Lena Nymark og Erlend Slettevoll (vokal + piano, jazz/pop)

- lokalt talent

- Stig Ove Ose med John Inge Leira Bjøringsøy (bratsj + piano, klassisk)

- Duo Chiaroscuro (Karen R. Olsen - sopran, Silje Vatne Heggem - mezzosopran og John Inge Leira Bjøringsøy - piano, opera)

Laurdag 1. august:

Improkonsertar i tomt butikklokale i Vikegata

- Henrik Lødøen (solo trommer, impro)

- Jist (Natalie Sandtorv - vokal og Torgeir Hovden Standal - gitar, støy/impro)

Laurdag 1. august:

Sommarljomkveld i Kunsthuset

- Øystein Waage + Håkon Aase (klarinett + violin, klassisk/samtidsmusikk)

- Jon Olav Sandal

- Darkling (Wenche Losnegård - vokal og Audun Ellingsen - kontrabass, jazz/pop)

- David Skinner (solo piano, jazz)