Valborg Hutadnes demonstrerer gamle metodar for borna. Foto: Malene Romestrand.
Hesjing.

– Du verda så kjekt det var å sjå igjen hesjing og smørkinning!

Dette sa Ragna Krøvel, som på onsdag var komen til gardsdag på Hjørundfjordheimen saman med dagsenteret i Ørsta, som vart invitert av heimen. Ho fortalde om då ho sjølv budde på gard og hjelpte mor si med kinning. Ho visste framleis heilt klart korleis det skulle gjerast, i ein alder av 99 år, og dessutan 100-årsjubileum i oktober.

Inviterte

Etter suksessen om gardsdag på Hjørundfjordheimen i fjor stelte dei på heimen i stand endå ein gardsdag i år, og vêret viste seg også frå si gode side.

– I år inviterte vi også dagsenteret i Ørsta og barnehagen på Sæbø, og dei ville sjølvsagt kome. Vi var litt usikre på vêret i dagtidleg, men no vart det verkeleg flott ute. Etter suksessen i fjor måtte vi få det til i år også, sjølv om det er ei utfordring å lage det til. Men alle er så flinke som stiller opp, fortel Bodil Skare.

Heimen vart gard

Det vart servert kaffi, vaflar og kake til alle som tok turen, og på plenen til Hjørundfjordheimen hadde det vorte stelt i stand med hesjing, som Arnljot Frøland stod for.

Av dyr var det både geitebukkar, flaskelam og ender på heimen, ja ein riktig gard vart laga i stand til denne dagen.

Som avslutning vart det konsert med Frode Moltumyr.

Valborg Hustadnes tok med seg kinna si til Hjørundfjordheimen, og viste fram korleis ein kinna smør på gamlemåten. Dette var populært å få med seg både for små og store.

– Det smakar nydeleg godt, akkurat som i gamledagar, skryt Ragna Krøvel.