Amerkanske Lucky Peterson tok Trandal med storm laurdag kveld. I eit fyrverkeri av eit show fekk han publikum med seg, og skapte ei stemning det aldri før har vore under bluesfesten.

Høgdepunktet kom då han tok med seg gitaren og gjekk ut blant folk og spelte. Då var det elektrisk på Trandal.

Også dei andre artistane fekk det til å svinge. Ståle Dimmen og Blaa Mixture, Sven Zetterberg frå Sverige og Dr. Feelgood frå Storbritannia medverka verkeleg til bluesfesten.