1. oktober gjev Stig Ulv ut sitt tredje studioalbum Dur, og på denne plata ser han tilbake på det som skjedd dei siste åra.

– Heile plata er spelt inn på Ocean Sound Recordings på Giske, og den er spelt inn live. Det er det næraste du kan kome ein konsert, og eg ville ha det identisk med korleis eg opptrer. Tidlegare har eg hatt med andre instrument på platene mine, men no ville eg ha det slik som det eigentleg er med berre meg og gitaren.

– Prega av kva eg opplever

Dur vert gitt ut på cd og vinyl, og liveplata Strengeklimpring kjem også på vinyl 1. oktober. Ti nye songar ventar publikum på Dur, og plata er litt annleis enn dei tidlegare studioalbuma.

– Musikken vert prega av eg kva eg opplever. Sidan førre plate har eg vorte far, og eg har laga ei låt til sonen min. Eg litt ser tilbake på at det har gått så utruleg bra, og eg har dedisert låten Takk til publikummet mitt og dei som heile vegen har støtta meg. Eg trur at denne plata er enno vaksnare enn dei andre, og på eit vis er det mjukare melodiar. Det er ei ettertenkeleg plate der eg held på signaturen i spelinga. Om folk høyrer på liveplata kontra Dur så vil dei høyre stor forskjell i melodiane, men lik lyd.

– Lagar mykje musikk

Prosessen med Dur starta då Stig Ulv spelte inn Strengeklimpring, og den siste låten til Dur vart laga i mars i år.

– Eg lagar mykje musikk heile tida, og prosessen med plata har ikkje vore så lang. Då eg spelte inn liveplata arbeidde eg med Dur, og eg hadde mange nye låtar klare. Nokre låtar har vorte bytta ut, og no har eg enda opp med ti låtar på den nye plata. Dei er ferdig miksa og mastra, og Henning Svoren har vore teknikar på Dur.

Turnerer heile Sør-Noreg

Med plateslepp ventar også ein omfattande turné i heile Sør-Noreg, og turnéen er ferdig booka med tjue konsertar i oktober og november.

– Eg skal spele i m.a. Oslo, Stavanger, Bergen, Fredrikstad, Moss og Kristiansund. Eg er oppteken av å kome meg rundt. Lokalt skal eg spele i Ulsteinvik, Ålesund og 22. oktober vert det konsert i Volda kyrkje under Kyrkjemusikkdagane. Mi første plate vart spelt inn i Volda kyrkje ei juni-natt i 2011, og det er spesielt å få spele der igjen. Til hausten vert det og konsert på Bjørke.

– Sitrar det litt i kroppen etter å kome i gang?

– Ja. Eg har hatt ein del lokale spelejobbar i det siste. Eg har veldig lyst til å spele frå den nye plata og eg gler meg skikkeleg til å kome i gang.

Indiefjord

Neste helg er Stig Ulv ein av fleire artistar som skal opptre under Indiefjord-festivalen på Bjørke, og han vurderer å kome med ei overrasking til festivalpublikummet.

– Eg vurderer om eg skal ha premiere på nokre av dei nye låtane under Indiefjord-festivalen

– Utløysing i kreativitet

Produksjonen til Stig Ulv har vore stor sidan debutplata, og han har gitt ut ei plate i året sidan 2012.

– Då eg endeleg torde å stå på eigne bein fekk eg ei utløysing i kreativitet. Eg opplever at folk likar musikken min og at det betyr noko for dei. Eg klarar å røre folk når eg spelar, og hadde eg ikkje gjort det så hadde eg heller ikkje gitt ut plate. Det er ein kommunikasjonar der eg prøvar å lage musikk som betyr noko, og det er heile poenget med musikken. No får eg spele der eg vil og det er kjekt å halde på.

Under sin eigen turnere skal Stig Ulv også ha ein miniturne saman med Knut Hem som m.a. har spelt saman med Øystein Sunde.