Og tankane og forfattarskapen til festspeldiktar Gunnhild Øyehaug er både fantasifulle, detaljrike, ærlege, og til tider «litt på kanten». Det er ei dame med humor og «skakke blikk», som Landro refererer til, som publikum fekk bli meir kjend med gjennom høgtlesing av utdrag frå novella «Liten Knute» og romanen «Undis Brekke» og intervju om bakgrunnen for desse suksessfulle verka.

Nært inn på

Skodespelar Kjersti Botn Sandal opna scena med eit utdrag frå den humoristiske novella, «Liten Knute», som omhandla ei mor og eit born der navlestrengen ikkje lét seg klippe, og scenario og utfordringar dette skapte gjennom livet, då dei aldri kunne skiljast.

Journalist og forfattar Jan H. Landro tok over etter høgtlesinga, og spurde Øyehaug det kanskje mange då tenkte:

– Kva er bakgrunnen for din absurde humor og ditt skakke blikk? Kva går føre seg inne i ditt litterære hovud?

Festspeldiktaren smiler, og fortel:

– Eg forstår ikkje alltid sjølv kvar det kjem ifrå når eg tenkjer tilbake på det eg har skreve. Eg har ingen plan, for då mister eg fort interessa. Men overtydelege symbol fascinerer meg, for dei kan fortelje mykje. Eg er også inspirert av draumar, men eg er ikkje så strukturert at eg skriv ned desse draumane, for eg har aldri pennar rundt meg når eg treng dei, fortel Øyehaug lattermildt.

Forfattardraum

Gunnhild Øyehaug visste frå ung alder at det var forfattar ho ville bli, og ho hadde store draumar og ambisjonar om forfattarlivet. Ho prøvde seg på fleire skrivestilar inspirert av kjende forfattarar, men fann etter kvart ut at å til dømes skrive eit korthøgd, nynorsk språk ikkje var heilt for henne.

– For min del vart det kjekkare å drage i trådane. Eg fann ut at eg hadde lyst til å skrive om ikkje så fine ting, på ein ikkje så fin måte. Tragi-komikken og galgenhumor er tiltalande for meg.

Rørt

– Det har vore mange arrangement å tenke på, så eg går litt i ei boble. Men det er veldig kjekt å vere festspeldiktar. Eg er stolt og rørt over all den fine responsen eg har fått, seier Øyehaug til Møre-Nytt.