– Det er med ærefrykt at Trandalblues kan gjere kjent at Øivind Elgenes kjem til Trandalblues 2015 med bandet sitt, ElgBand. Vi har i fleire år prøvd å få Øivind til festivalen, og i år har vi endeleg lukkast, skriv Trandalblues i ei pressemelding.

Røysta vi kjenner frå Dance with a Stranger har etterkvart vorte ein folkekjær artist som har skrive og framført låtar i 40 år.

– I tillegg er han ein songar med ei fenomenal evne til å formidle tekstar på ein framifrå måte. Resultatet er ei sterk opptreden som gir uutsletteleg inntrykk. Dette kjenner vi også frå NRK-serien “Hver gang vi møtes”m der Øyvind gav nokre ugløymande tolkningar, heiter det i pressemeldinga.

Musikken i ElgBand er 70-talsprega, men med eit leikent og særeige uttrykk.

– Det vil kle landskapet i Hjørundfjorden på ein framifrå måte. ElgBand fasinerer, rører og gjev lyttaren ei flott oppleving.

I ElgBand finn vi også Kyrre Sætran på bass/sang. Kyrre var på Trandalblues i 2010 saman med Reidar Larsen.

Trond Helge Johnsen og Inge Bævre spelar gitar og syng. Begge er erfarne musikarar med eigne prosjekt.  Eivind Gjelberg spelar trommer og har jobba saman med Øyvind på fleire CD-prosjekt og elles spela saman med dei fleste på Nordvestlandet.

– Med dette er artistlista til Trandalblues komplett. Velkomne til Trandalblues 2015, skriv arrangørane.