– Softis på Ose er høgdepunktet i løpet av året, ler Stinus Reklev Øverbø og Marie Haugen, høvesvis trombonist og saksofonist i skulekorpset.

Dei meiner det nok ikkje så bokstavleg. Men det er like godt kvart år, ingen tvil. Og så er det fint å ha noko å sjå fram til når dei er ute og trakkar langs vegane i all slags vêr, medan dei øver på å gå med same fot på same tid. Venstrefot i bakken når stortromma slår, samstundes som dei skal lese notar, spele rett og halde styr på at dei held linja med sidemannen. Det er ein kunst.

– Og dei meistrar det betre og betre. Dei er dyktige, rosar dirigent Brynhild Hovden.

Skulekorpset tel i år seks aspirantar, 21 i hovudkorpset og åtte drillarar.

– Vi har det så kjekt saman, fortel Åse Marie Thon og Ylva Torine Thon.

– Eg veit ikkje kva som er kjekkast. Alt saman er gøy, seier Anastasia Humberseth som er ein av drillarane.

– Det er stor meistring i det å spele i korps. Du lærer samspel og det å heile tida ta omsyn til andre. Lytte og vere konsentrert. Alt på ein gong, seier Hovden.

Mai er tradisjonelt ein travel månad for korpsa, men stort sett meiner musikantane at det kjekke veg opp for det travle.

– 17. mai er hardt arbeid. Då spelar vi i barnetoget, i Hovdebygda og i folketoget. Men vi har det sosialt og artig saman, seier Stinus og Marie.

Og særleg vanskeleg meiner dei ikkje at det er.

– Korps er for alle. Og alle har jo starta på botnen ein gong, seier Marie, medan ho et softis i litt kaldt mai-vêr.

Til sommaren får dei løn for strevet med utanlandstur og plussgrader i Italia.