– Å vere rik på kultur er kjekt. Dagfinn Nupen har eit ønske om at samlinga hans skal kome stadig nye unge og vaksne til gode og glede på ein stad som er synleg for mange, sa varaordførar Paul Kristian Hovden då han informerte Ørsta formannskap om førespurnaden frå Nupen.

Utstilling

Dagfinn Nupen (83) har gjennom eit langt liv samla på ulike folkemusikkinstrument. Han har i dag mellom 30–40 fløyter, lurar og horn.

– Men i kjellaren min kjem ikkje desse instrumenta mange til gode, sa han i Møre-Nytt førre torsdag.

Difor ønskjer han at kommunen skal disponere deler av samlinga hans. Nupen meiner fleire hovud tenkjer betre enn hans eine, og han har difor oppmoda formannskapet om å klekke ut ein plan for korleis ei utstilling kan nå ut til flest mogleg. Dersom Nupen vert samd med kommunen, vil han låne ut instrumenta.

Fleirbrukshall

– Han har besøkt tallause skuleklasser opp gjennom åra, og introdusert dei for sin kunnskap. Det er ikkje mange som ikkje har laga seg si eiga seljefløyte i regi av Dagfinn Nupen. Eg tenkjer i mitt stille sinn at eit monter på servicekontoret vil nå ut til nokre, men langt frå vere nok, sa Hovden.

Petter Bjørdal trekte fram Dagfinn Nupen si fortid som ein markant idrettsmann.

– Og han er ein stor forkjempar for fleirbrukshall. Kanskje kunne vi ha stilt ut instrumenta der. Då ville dei vere synlege for mange, og det ville vere heilt i hans ånd, vurderer Bjørdal.

Gunnar Knutsen tok til orde for at det burde vere mogleg å spele av lyd på utstillinga, slik at folk kan få høyre korleis dei ulike instrumenta høyrest ut.

– Dette er gode innspel som vi må ta med oss. Dette er ein unik kulturskatt, sa ordførar Rune Hovde.

Han og Paul Kristian Hovden fekk i oppdrag å tenke ut aktuelle måtar kommunen kan stille ut samlinga på, før dei legg saka fram for politikarane på nytt.