Trimgruppa i Sæbø IL og Hjørundfjord sokneråd vil i samband med fredsmarkeringa arrangere eit tog frå Tvergrova til Sæbø den 8. mai.

– Sidan det er 70 år sidan krigen var over, vil vi markere dette med eit tog gjennom dalen til kyrkja der vert det gudsteneste etterpå, fortel Bodil Skare, leiar i trimgruppa i Sæbø IL.

Toget startar ved Tvergrova kl. 1700.

– Der følgjer vi hovudvegen til svingen på Valset, vidare går vi gamlevegen til Ville og held fram med å gå langs hovudvegen til Frøland. Der går vi gjennom tuna på Frøland til Aklestad, ned Holebrauta over Holebrua. Frå Holebrua har vi med oss generasjonskorpset gjennom Rise og ned gamlevegen til Sæbø, fortel Skare.

Nitten år då freden kom

Trimgruppa og soknerådet har arbeidd med å leite fram kjelder som fortel om fredsmarsjen i 1945.

Mellom anna har dei funne eit avisinnlegg skrive av Kjellaug Aklestad, som var nitten år då freden kom.

Ho fortel om gleda som fylte henne, og korleis ho såg frå lia at flagga gjekk til topps, både i flaggstenger og tre for dei som ikkje hadde slike.

«Komen heim fekk eg høyre at hornmusikken skulle spele og gå til Sæbø, som er sentrum, og ville ha andre med. I ei viss fart fekk eg finkjolen på. Eg gløymde at eg var svolten, og berre sprang av stad. Over to km sprang eg før eg nådde att toget. Folk kom til etter kvart, og det var ein stor flokk som samla seg i prestegardshagen», skriv Aklestad.

Stemninga var ubeskriveleg

Det var evakuert prest frå Finnmark, Henry Slotten, som heldt talen.

«Så stod vi der og song «Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud», medan skyminga fall på, og det blei sein kveld. Stemninga var ubeskriveleg», skriv Aklestad.

Denne hendinga var 7. mai 1945, då dei fyrste rykta om freden og kapitulasjonen til tyskarane kom. Arrangementet i Bondalen er altså den 8. mai.

– Vi vonar det vert mykje folk som kjem på etter vegen, flest vil truleg gå frå Holebrua og ned til kyrkja. Husk å ta med flagg, og folk må kle seg etter vêr og føre, seier Skare.