Laurdag starta dugnaden for å gjere ærverdige Svendsengarden-eigedomen finare. Og måndag var ein ny flokk entusiastar på plass med river, soppdreparkanne, trillebår og hagesaks. Og medan vårsola skein over Ørsta gjorde dugnadsfolket dei okerfarga bygningane klare for nokre strøk spesialmåling godkjent av riksantikvaren. Det er nemleg skikkelege saker som kjem på veggene i tunet der Webjørn Svendsen d.y. og kona Laura bygde Svendsengarden i 1867.

– Det er omfattande arbeid som står føre oss. Målet er å få måla alle bygningane i løpet av våren og sommaren, fortel Anne-Mari Øyehaug.

Ho og ektefellen Einar Øyehaug, som fylte 81 år måndag, og skulle markere dagen med brennsnut og kaker heime på Vinjevoll, stilte opp nokre føremiddagstimar. Og dei gjer det med glede etter at kronerullinga for Svendsengarden resulterte i 150.000 kroner. Det kom også ei gåve frå Gjensidigestiftinga, slik at dei no kan ruste opp Svensdsengarden for eit par hundre tusen. Det held i alle fall til måling.

– Vi skal gjere mykje dugnad, og ønskjer å ha med oss mange på det, men vi må nok også leige inn noko hjelp til diverse. Og folk er villige: Inge Kolås har lova å stille med to mann ein heil arbeidsdag for å setje opp stillas. Slikt kan vi like, seier Øyehaug begeistra.

Ho oppmodar dugnadsinteresserte om å følge med på tavla i kafeen på Svendsengarden der dugnadane vert annonserte. Den neste er i dag, tysdag – dag og kveld.