Førre helg vart fylkesdelen av Ungdommens kulturmønstring arrangert av Møre og Romsdal musikkråd, i samarbeid med Herøy kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Mønstringa i Herøy kulturhus samla 370 deltakarar, og hadde ei kunstutstilling med heile 60 kunstprosjekt.

I år feirar UKM 30 år og dette var markert med ein jubileumskonsert laurdag kveld i Fosnavåg konserthus med deltakarar frå den første mønstringa for 30 år sidan og fram til årets deltakarar.

Vidare med trommesolo

Fleire innslag på ulike arenaer var med frå både Volda og Ørsta. Juryen hadde ikkje ei enkel oppgåve med å velje ut kven som skulle få tilbod om å representere Møre og Romsdal i Trondheim under UKM-festivalen 19.- 23. juni. Av dei fem sceneinnslaga som har fått tilbod er Bendik Hustadnes (16) frå Volda ein av dei. Som under UKM i Ørsta kulturhus gjekk han på scena med trommesolo i Fosnavåg og imponerte dommarane.