Det London-baserte bandet Owl & Mouse vart slått opp på framsida av Møre-Nytt etter Indiefjord i fjor sommar.

– Vi har gått tom for ord. No veit vi kva vakker natur betyr, fortel bandmedlemmane til Møre-Nytt under fjorårets festival.

Det gav tydelegvis meirsmak.

– Vi trygla og ba om å få lov til å spele på verdas vakraste stad igjen. Og det lønte seg. Vi skal tilbake til Indiefjord, skreiv bandet i eit Facebook-innlegg dei la ut måndag kveld saman med eit bilde av oppslaget i Møre-Nytt.

Årets Indiefjord blir arrangert på Bjørke 11. og 12. juli.

– Vi legg festivalen opp etter same oppskrift som i fjor, med dagskonsertar i Bakketunet og i Notanaustet, og med kveldskonsertar med fem-seks band på Haukly, fortalde arrangør Silja Haddal Mork til Møre-Nytt i mars.