– Bob Godfrey er ein av dei viktigaste personane for norsk animasjon, og Gudfaren til norsk animasjon. I år er det førti år sidan han vann Oscar for den animerte dokumentarfilmen GREAT!, og dette markerer vi med utstilling, seier dagleg leiar Ivan Dujmusic i Norsk animasjonssentrum i Volda.

Godfrey, som døde i 2013, har vore nominert til Oscar fire gonger og på 80-talet var han med på å profesjonalisere norsk animasjon.

– Godfrey har vore i Volda nokre gonger, og han var mentor for fleire norske animatørar og opna animasjonsverda for dei. I april 1986 var han hovudlærar under «12 Crazy Days in Volda». Dette var første gang norske animatørar møttest for å arbeide saman, og starten for animasjonsundervisninga på Høgskulen i Volda. Det Godfrey bidrog med flytta norsk animasjon frå private kjellarar til å verte ein profesjonalisert bransje.

På utstillinga «The Two Bobs», som er eit samarbeid med Den norske dokumentarfilmfestivalen, vil eit utval av filmar, dokumentarar og originale teikningar og storyboard vere utstilt.

– Bob Godfrey og Bob Kerr hadde eit tett samarbeid og kan nesten reknast som ein person. Kerr kjem til Volda saman med Bob Kerr and his Woopee Band, og skal spele på opninga av dokumentarfilmfestivalen, opninga av utstillinga og har eigen konsert på Rokken under festivalen, seier styreleiar Gunnar Strøm i Norsk animasjonssentrum.

Bob Kerr and his Woopee Band feirar 50 år fredag denne veka, og etter at jubileumskonserten er ferdig sett Kerr seg i bilen for å køyre frå London til Volda. Bandet vert omtala som ei blanding mellom Spike Jones, Marx-brørne og Monty Python, og dei har delt scene med Bob Dylan, The Who og Dame Edna.

– Godfrey hadde ein fast lenestol framfor scena då Bob Kerr and his Woopee band spelte på The Half Moon i Putney. I utstillinga har vi og ein lenestol som publikum kan sette seg ned i og oppleve Godfrey sine animasjonar, seier Strøm.

Utstillinga på Norsk animasjonssentrum opnar komande torsdag