Klar tale frå William Sætrevik Brekke. Saman med 14 andre born frå Hovdebygda barnehage, er han på plass på «Rompa» ved Hovdevatnet. Her boltrar dei seg med kanopadling, steinkasting, popkornpopping på bål, springing, plasking, grilling og lavvo.

– Vi prøver å ha mykje fokus på dette med å vere ute. Mottoet til barnehagen er «Med friluftsliv i kvardagen», fortel pedagogisk leiar Thomas Mayer.

Og det høver svært bra i 2015, som er sagt å skulle vere friluftslivets år.

Spesielt

Hovdevatnet er eitt av fleire turmål. Her set dei ved tid og høve garn og fiskar. Barnehagen har også tilgang på naust og båt på Rystelandet, og ei veke om våren og hausten vert ungane levert og henta ved naustet.

– Det er kanskje litt spesielt, men for ungane er dette stor stas. Å vere ute gjer noko med ungane. Dei vert gladare, sunnare, friske og opplagde. Det vert også mykje færre konfliktar enn om dei skal vere inne. Dei har større boltreplass.

Det er ikkje alltid det treng å vere så avansert. Barnehagen har fokus på opplevingar og å bruke naturen på ein allsidig og variert måte.

– Vi kan gå på Hovdeåsen eller i fjøra eller kanskje ta ein tur i minibussen. Det viktige er å kome seg ut, seier Mayer.

Pris på

Og det er tydlege at borna i Hovdebygda barnehage veit å setje pris på utelivet. William har ei lang liste med viktige gjeremål for dagen. Steinar skal kastast i vatnet, pinnar skal kastast i elva, og så har han oppe til vurdering ein padletur til Afrika. Eller kanskje berre ei runde på Hovdevatnet, om tida ikkje strekk til. Og så var det dette popkornet som poppar på bålet som han gjerne skulle ha smakt på.

– Om du skulle velje mellom å vere inn eller ute..?

– Ute! Fordi då får vi springe så mykje vi vil og grille i lavvoen og i barnehagen kan vi reie i storereia, fortel ein ivrig William.