– Bakketunet sin sjette sesong byr på spanande programpostar innan ulike kunstformer og handverkstradisjonar. Hovudingrediensane er framleis kunst, kultur og natur, og vi har sjølvsagt ikkje gløymt røtene våre i bondekulturen i år heller, fortel Aakre.

Det er Robert Steinnes som opnar sesongen 24. mai med måleriutstilling i kufjøset. Steinnes har den siste tida fått mykje merksemd kring paddeskulpturen i Austefjorden.

Allsidig

– Det er eit arbeid som stadfestar det mange har visst lenge, at han er ein dyktig og allsidig handverkar og kunstnar. Før suksessen med skulpturen, assosierte vi gjerne Steinnes med ekspressive måleri. Og det er desse uttrykksfulle måleria publikum vil få eit gjensyn med i Bakketunet denne sommaren, fortel Aakre.

I juli vert det ny hovudutstilling med måleri og grafikk av den kjende kunstmålaren Jøran Flo. Flo høyrer til den nye generasjonen kunstnarar som arbeidar innan eit klassisk formspråk, men har også funne si eiga form uavhengig av trendar og motretningar.

Kammerutstilling

– I vinter har han produsert ein serie nye grafiske verk. Saman med dei grafiske blada, stiller han ut måleri med dynamiske landskap og menneskekroppar, slik som berre Jøran Flo kan male dei, seier Aakre.

Kammersutstillinga i Bakketunet byrjar å verte eit kjent omgrep.

– Også denne sesongen har vi handplukka utstillarar frå heile landet. Kvar søndag presenterer vi ein ny handverkar eller designar i det romantiske kammerset på garden. Og spennvidda er stor, frå treskjering til trendy design, fortel Aakre.

Retro

Den siste helga i mai inviterer Bakketunet til stor retrohelg med Arild Fjukstad og Linda Marie Viddal. Båe har sterke interesser for bestemte tidsperiodar, men på kvar sine område.

– Fjukstad vil vise fram radio- og teikneseriesamling si, medan Viddal gir dei besøkande eit tilbakeblikk på perioden i den nyopna Retrosalongen, der alt interiøret er frå 50- til 70- talet. Retrosalongen vil vere open gjennom heile sommaren. I tillegg blir det sykkelutstilling og parkering for klassiske veteranbilar, fortel Aakre.

Under «Midtsumar på Bjørke» i juni blir det for første gang arrangert «Kjerringkjeften vikingmarknad». På marknaden vert det leikar og salsutstillingar, der fleire av utstillarane er internasjonale.

Pizza og Indiefjord

– Dessutan kan vi lokke med vikingpizza frå bakaromnen. Og det vil ikkje forundre oss om det kjem seglande inn fjorden eit vikingskip. Marknaden er eit samarbeid mellom «Møre frie vikingar» og Bakketunet.

– Gleda er stor over at vi også i år kan setje Indiefjord på programmet! Musikkfestivalen i fjor vart ein suksess og eit minne for livet, både for fastbuande og tilreisande. Han sette verkeleg Bjørke på kartet! Festivalansvarleg Silja Haddal Mork er i full sving med å organisere Indiefjord 2015, og har lova å plukke ut artistar og musikalske godbitar til Bakketunet, seier Aakre.

I august vert det eige program der temaet er gardsprodukt, og Bakketunet lovar mange godbitar, bokstavleg tala.