Han har nemleg sikra seg ein Toyota IQ. Den vesle bilen er ikkje lenger enn 2,99 meter, breiare enn 1,68 meter og høgare enn ein og ein halv meter.

– Dette er litt rart. Då eg spelte åleine med ein gitar, då hadde eg ein seks seters varebil. No når eg oftast spelar i trio og har elektrisk gitar og mykje utstyr, då har eg ein slik bil, seier Olsen med eit smil.

Han veit ikkje om andre som har ein så liten «turnebuss». Og turnebuss skal det faktisk vere. I april skal han saman med Paal Solhaug på turne på Sunnmøre, og då er den vesle bilen framkomstmiddelet.

– Men det er ingen «nightliner». Vi skal ikkje overnatte i han. Det hadde ikkje gått, fortel Egil.

Førre veke kom han med si fjerde plate, og kritikarane likar plata hans svært godt. Difor kan det framover verte fleire turneoppdrag for han og den vesle bilen.

Fredag sette han og Paal Solhaug kursen til Oslo frå Ørsta. I bilen var det plass til dei to, fem gitarar, gitarforsterkar, ein datamaskin og to Rufo-kasser.