– Vi skal rett og slett ha ei kofteutstilling. Og då snakkar vi om kofter i utvida tyding, inkludert jakker og strikkegenserar, seier Solveig Grimstad og Cathrine Yksnøy i Ørsta husflidslag til Møre-Nytt.

I utstillinga ønskjer dei å vise fram strikkemønster som har vore typisk for regionen vår. Det er lettare sagt enn gjort.

– Dette har ikkje vore systematisert i noko særleg grad tidlegare, men no vil vil prøve å få ein samanheng i det, seier Yksnøy.

Treng hjelp

Det treng dei hjelp frå folk flest til.

– Vi håper rett og slett folk vil ta seg ein kik i skuffer og skap. Kanskje dei finn nokre gamle strikk som dei vil låne vekk til oss? spør Grimstad.

Håpet er at dei finn mange flotte mønster til utstillinga.

– Er strikkemønster slik som bunader, at kvar landsdel har sine mønster?

– Nei, det er ikkje så systematisert. Vi har jo sjølvsagt døme på geografiske mønster, som til dømes i setesdalskofta. Det finst også noko som heiter «Volda-kofte», men så vidt vi veit har ikkje det noko spesiell tilknyting til Volda. Men vi håper at vi klarer å finne nokre typiske mønster til utstillinga, sier Yksnøy.

Strikkefeme

Strikking er ein trend i tida, og det merkar husfliden.

– Vi ser at «retro»-trenden gjer at folk blir meir opptekne av det opphavlege og av ikkje-materielle verdiar. Det har også ført til at fleire og fleire har teke til med strikking.

Dersom du har strikk som kan eigne seg på utstillinga, kan du ta kontakt med Solveig Grimstad eller Cathrine Yksnøy. Det er også mogleg å levere inn strikk hos Ørsta Husflidslag i Bruksbutikken. Sjølve utstillinga blir 18. og 19. april, i dei same lokala.

– Vi er interesserte i strikk ikkje berre frå Ørsta og Volda, men frå heile Sunnmøre. Og det treng ikkje å vere i tipp topp stand. Vi håper folk vil ta ein kik i gamle skap og kommodar, seier dei to.