Trandalblues går i år av stabelen 03. og 04. juli på Christian Gaard på Trandal. Årets festival er den åttande i rekkja

– Signeringa av artistkontakter går unna så blekket sprutar, og  «storkanonene» i år vert det legendariske bluesrockbandet Dr. Feelgood frå England saman med den levande legenda “Lucky Peterson”. Han spelar med dette i Norge for første gong, skriv Trandal Blues i ei pressemelding.

I tillegg kjem desse artistane til Trandal;

Latvian Blues Band: Etter å ha opplevd bandet i finalen på ”European Blues Challenge” , Riga i 2014, var eit samla styre i Trandalblues einige om ein ting: Dette bandet måtte til Trandal! Speleglede, ”showmanship” og eit solid musikalsk uttrykk gjorde bandet til ei eineståande oppleving.

Pristine: Pristine er eit bluesband fra Tromsø, etablert i 2006. Gruppa vann nordnorsk meisterskap i blues og Union Blues Cup 2010. Pristine drog i 2012 til Memphis, USA for å delta under The International Blues Challenge. Der vart dei ein publikumsfavoritt med kallenavnet ”The Arctic Blues Band”. Pristine kom som første norske band i historia til semifinalen i konkurransen.

Sven Zetterberg: Sven Zetterberg, fødd 28 mars 1952 i Skärblacka, Östergötlands län, er ein av Sveriges og Skandinavias fremste blues og soulmusikarar, vokalist og låtskrivar. Han kjem til Trandal med sitt fem mann sterke band og dei er alltid garantistar for glimrande kvalitet frå scena.

Ståle Dimmen og Blaa Mixture: Dette er eit band frå Sunnmøre som dei siste åra har utmerka seg med heile to CD-ar, ekte blues og på klingande Sunnmørsk. Ståle har grave etter røtene langt nede i grunnvollen. Og dei er blå, svarte og litt grå. Ståle Dimmen har dikta tekstar som kan beskrivast som kvardagspoesi. Dei er omslutta av blues, country og rock med litt småfunky vendingar.

Bryggerigangen Bluesband: Dette er eit bluesband frå Oslo, som vart danna midt på 70-tallet av garva karar frå miljøet rundt Club 7 og Smuget. Gruppa har gitt ut tre plater, alle med både egne komposisjonar og tolkingar av kjende låtar, med både norske og engelske tekstar.

Les meir i Møre-Nytt torsdag.