Dei osar av sjølvkjensle, står rakrygga på scena og syng med magen og med hjartet, svarte og dramatiske, med raude sko, raude negler og raude roser. Stilige til fingerspissane. Stolte. Flinke. Modige.

– Fellesskapen vi opplever gjennom korsong er utruleg viktig for oss, og vi håper at vi har klart å formidle det i dag. At de ser kor kjekt vi har det saman, helsa ei engasjert Hege Gjerde Brekke frå scena.

Humor

Det var ikkje mange tomme seter å sjå i salen på kulturhuset. Folk veit kva damene kan. Det har dei vist gjennom årvisse framsyningar og kabaretar. Denne gongen var det i all hovudsak songen som stod i fokus, men humoren ligg heile tida som ein undertone.

– Det var det året håret var like høgt som skjørta var korte. Modellane var skrinne, det var månelanding og det var Beatles. Onkelen min fekk hårrullar til jul for å få den rette sveisen.

Latter i salen

– Det var girlpower. Jentemakt. Det var mannfolk og det var kjærleik.

Mellom songen fortalde damene små glimt frå gamle tiår. Dei tok publikum med på ei musikalsk tidsreise, frå 60-talet med Voi Voi via Joni Mitchell til Abba og 80-tals danseparty. Solistar henta dei frå eigne rekkjer, og dirigent Janne M.G. Skarstein tok også på seg solistrolla ved fleire høve. Det var både tango, rock and roll og skjøre balladar. Som damer flest var dei innom heile kjensleregisteret i løpet av kort tid, frå dans og moro til tårevåte kjærleikserklæringar i løpet av berre halvanna time.

Det var ytra ønske blant publikum om at konserten gjerne kunne ha vore lenger. Med så stor variasjon flyg tida fort.

To framsyningar

I bakgrunnen vart det vist bilde frå tidsriktige epokar, med ein miks av både private bilde av kordamene, og meir velkjende, av til dømes Marilyn Monroe.

Dei veit å by på seg sjølv. Hege Gjerde Brekke nytta også høvet til å rette ein stor og varm takk til deira musikalske leiar.

– Tusen takk til deg, Janne, for at du trur på oss og held ut med oss og får oss til å prestere langt over det vi i det heile har tort å drøyme om.

Med seg på scena hadde koret Knut Hunnes på bass, Julian Bøyum Müller på gitar, Bendik Hustadnes på trommer og Øyvind Sørdal Klungre på piano.

Og det er ingen grunn til panikk for dei som føler at dei har gått glipp av noko. Åmdalskoret Berre Damer køyrer sjølvsagt to framsyningar, og står på scena att onsdag denne veka.