«Ver rusta mot uvêr og kulde, sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev.»

Slik lyder fjerde punkt i fjellvettreglane i nynorsk utgåve.

– I fjor var det grunnlovsjubileum, og då omsette vi grunnlova til nynorsk. Fjellvettreglane er som friluftslivet si grunnlov, og då er det passande å få dei på nynorsk i friluftslivets år, seier leiar i Noregs mållag, Marit Aakre Tennø, til nettstaden Ut.no.

Det er Turistforeningen og Noregs Mållag har samarbeida om å gjere dei tradisjonsrike reglane tilgjengelige på begge målformer. Fjellvettreglane vart lanserte i 1967, og har berre eksistert i bokmålsform fram til no.

Mange av dei mest populære fjellområda i Noreg, inkludert Sunnmørsalpane, ligg i nynorskkommunar.

– Det er lettare å halde på nynorsken når folk ser det rundt seg. Symboltekstar som fjellvettreglane er ekstra viktige slik, seier Aakre Tennø.