– Nei, det var ikkje særleg god stemning då Merkesteinane vart lagt ned. Det var skikkeleg trist!

Bassist og vokalist Arild Halse tenkjer tilbake til mai i fjor. Ristar på hovudet. Vert alvorleg i andletet. Dei trudde at det var enden på visa. Det var slutt på songen og musikken. Slutt på salmar og rock and roll. Tonane frå den siste øvinga i mai døydde stille ut. Merkesteinane var historie. Etter 21 år fekk dei ikkje lenger øve saman. Vere saman i musikken.

– Det var store protestar. Eg hugsar at det var skikkeleg storm i avisene, mimrar Arild, medan han justerer på strengane på bassen. Tilpassar reima litt betre. Nynnar og ventar på at resten av gjengen skal verte klare til å spele.

For det var ikkje slutt. Merkesteinane har fått ein ny start.

Folkehøgskulen

– Å, for ein strålande morgon! Å, for ein strålande dag!

Musikken brer seg ut i øvingslokalet. To på piano, ein på trommer, ein på bass, ein på gitar, ein på song. Eller, eigentleg syng alle med. Det er god stemning. Sidan november har dei fått øve ein gong i veka på Møre Folkehøgskule i Ørsta. Det var her Merkesteinane fann si redning. Men det var på håret, igjen. Regjeringa ville kutte 40 millionar frå folkehøgskulane, men snudde.

– Utan dei pengane hadde det sett mørkt ut, seier primus motor, dirigent og leiar, Øyvind Lied.

Pengane er til såkalla kortkurs på folkehøgskulane. Her er det Merkesteinane kjem inn i bildet. Dei er innskrivne som elevar ved skulen, og Øyvind Lied er lærar for dei.

– Vi er svært takksame. Det var gamlerektoren, Odd Stenvåg, som ordna opp. Det er eit flott miljø å vere i. Det er godt å vere saman med elevane på skulen. Vi øver jo aleine, men et lunsj saman, og så har vi med oss nokre elevar på øvingane no og då, når dei har høve til det.

Gullår

Dei var stille i seks månader.

– Det er lenge for oss. No stablar vi oss på beina att.

Lied fortel om gullåra. «Gullåra utan like». Då oppdraga stod i kø. Då dei laga film og var på premiere på Colosseum. Då dei vann gledesprisen på Amandashowet, og fekk ståande applaus i femten minutt. Då dei smakte på kjendislivet. Då dei gav ut plate. Tur til Afrika.

Og så. Nedturen. Det var trongt økonomisk. Det var ein kamp å få endane til å møtest. Øyvind Lied vart sliten. Hadde ikkje meir å gi. Var lei av å heile tida måtte kjempe. Såg ikkje folk verdien?

– Dette har mykje å seie for livskvaliteten til dei som er med. Det at dei har noko som betyr mykje for dei. Ein fin hobby. Eller, vi er vel musikarar, er vi ikkje?

Eit samstemt «ja» kjem i retur.

– Vi har vorte ein institusjon. Dette er distriktspolitikk og integrering. Dette er synleggjering av ei gruppe som har mykje å bidra med og som kan mykje og vil mykje, og som absolutt fortener sin plass i samfunnet.

Oppdrag

Det er lunsjtid. Instrumenta og songstemmene får seg ein velfortent pause. Men berre i kort tid, denne gongen. Dei har meir på hjartet før øvingsdagen er over. Og mest av alt, ønskjer dei seg nye oppdrag.

– Folk må huske på oss, oppdage oss på nytt, oppmodar Øyvind Lied.

Arild Halse stemmer i.

– Vi kan spele alt muleg. Det er ikkje noko vi ikkje kan spele. Eller kanskje litt, men det er ikkje snakk om mykje, lovar han.