– Vis meg kva eg skal velje, sa Arne Moltubak (34) til Gud, ein kveld i sin ungdom då hanlåg heime i senga og funderte over kva veg han skulle velje i livet.

– Det kom ikkje noko skrift på veggen eller skjedde store under, men frå det tidspunktet vart eg berre meir og meir sikker. Eg har valt rett, seier Ørsta sin nye sokneprest.

– Etter ei arbeidsveke i Romsdals Budstikke på ungdomsskulen trudde eg at journalistikken var vegen for meg, fortel han, med ei litt avslepen romsdalsdialekt.

Og det var den vegen han valde. Som ihuga Molde-supporter var det draumejobben å få skrive kampreferat og snakke sport til kvardags, og Arne fekk både helgejobbar og sommarjobbar i sportsredaksjonen i avisa. Etter vidaregåande i Molde valde han medielinja ved Solborg folkehøgskule.

Men så vart han usikker.

Eidsbygda

– Eg såg jo det arbeidet far min gjorde. Han var mellom anna sjukehusprest, og eg såg at han hadde ein meiningsfylt jobb. Eg har arva mange av min far sine eigenskapar. Det var med på å peike ut ei ny retning for meg, seier Arne.

Han levde sine seks første år på ein prestegard i Eidsbygda i Rauma med mor, far og tre eldre søsken.

– Rein og skjær idyll for meg. Det var trygt og godt, og med gode vener på nabogarden, minnast han.

Seinare flytta familien til Molde. Kyrkjelivet og den kristne trua har vore med som ein naturleg del av kvardagen heile vegen, men borna fekk bestemme sjølve kor mykje dei ønskte å delta. Arne var gjerne med, om enn noko motvilleg dei dagane det var sport på TV.

– Men det at eg no har kyrkja som arbeidsstad kjenner eg er heilt rett for meg.

Vartdal

Dei fleste som har hatt ein fot innanfor ei kyrkjedør i Ørsta dei siste åra veit allereie kven Arne Moltubak er. Han har dei siste 7,5 åra vore sokneprest for Vartdal sokn, med vikarteneste både i Ørsta og i Hjørundfjorden.

– Det har vore 7,5 veldig gode år. Eg har alltid kjent meg velkomen på Vartdal, og eg har følt at eg har betydd noko. Det er viktig for oss alle. Då eg bestemte meg for å søke meg til Ørsta hadde det ingenting med at eg ville vekk frå Vartdal. Eg kunne godt ha halde fram, men eg kjende at eg haddelyst på denne stillinga. Eg vil gjerne vere meir sentral i arbeidet i Ørsta kyrkje, men Vartdal vil alltid vere spesielt for meg.

Stavanger

Vi spolar litt tilbake. Arne Moltubak er 19 år og skal byrje på folkehøgskule i Stavanger til hausten. Men først er det sommar, og denne sommaren ville skjebnen, eller Gud om du vil, det slik at Gunhild Theodorsen frå det blide Sørlandet skulle kome inn i livet til Molde-supporter og prestespire og medieelev Arne Moltubak. Til hausten er dei eit par. Sidan har det vore dei to.

Det vart seks nye år i Stavanger. Denne gongen på Misjonshøgskulen. Det var prest Arne skulle verte.

– Og heile tida hadde eg denne grunnleggjande tryggheita om at eg hadde valt rett. Kvar gong det var tungt. Kvar gong eg lurte på om eg skulle orke, så hadde eg denne vissheita om at ja, det er dette eg skal gjere. Det er dette som er det rette valet for meg.

Ørsta

Og så vart det Ørsta. Kanskje ikkje førstevalet for ein romsdaling og ein sørlending?

– Den våren eg var ferdig med studia var prestestillinga lyst ut på Vartdal. Eg søkte, fekk jobben og starta i august 2007. Eg var klar. Eg hadde ikkje behov for å studere meir. Eg er ikkje ein akademisk teolog. Min motivasjon var å verte ferdig med studia slik at eg kunne få reise ut og gjere prestetenesta. At det vart Ørsta er vi svært glade for i dag.

Balanse

Det er møta med menneska som gjer at Arne meiner han har draumejobben.

– Det er det aller finaste med prestetenesta. At eg får kome så nært innpå folk i dei enormt ulike livsfasane. Frå den djupaste sorga til den største lykka. Å vere i dette spennet mellom dei lyse sidene av livet, og dei dagane folk helst vil vere forutan. Det gir meg enormt mykje. Eg er prest heile døgnet. Eg ber med meg alt heile tida, og det krev mykje tankeverksemd og energi, men det er ikkje slik at eg vert dyster til sinns. Det gjeld å finne balansen, og det meiner eg at eg klarer.

Brytningar

Det skapte stor furore då Møre bispedømeråd i søknaden etter ny sokneprest i Ørsta spesifiserte at det ville verte stilt særlege krav til at den som vert tilsett ikkje lever i sambuarskap, homofilt partnerskap eller likekjønna ekteskap.

– Ja, det tok litt av. Men dette er jo ikkje ny informasjon. Slik har det vore. Vi kan seie at kyrkja er for alle, og setje punktum der. Men vi må også kunne seie at vi har eit trusgrunnlag og ein bibel som er vår retningsgivar i etikk og verdiar. Då må vi også seie noko om kva vi opplever som rett og gale, og stille krav ut frå det trusgrunnlaget. Og så er det ulike meiningar om dei krava. Slik er det, og slik har det alltid vore i kyrkja når det gjeld fleire saker. Det er brytningar som vi har levd med og som vi vil fortsette å leve med.

Arne Moltubak er ikkje ute etter å ekskludere nokon.

– Kjenner folk seg utelatne frå fellesskapen plagar det meg. Målet må vere å tilby ein fellesskap der alle opplever at dei høyrer til. Eg ønskjer å formidle ein raus og nådig Gud, men som også kallar oss til teneste og som set krav om at vi skal bidra og vere takksame for det vi har fått. Vi er heldige her. Vi må sjå lenger enn oss sjølve, samstundes som vi tek vare på dei rundt oss.

Draumen til Ørsta sin nye sokneprest er fullsett kyrkje kvar søndag.

– Men ikkje fordi folk skal vere «flinke» å gå i kyrkje, men fordi dei føler at det gir dei noko å kome. Det er eit mål for ei kvar gudsteneste. Kyrkjelyden er som ein kropp, der alle delar er like viktige for heilskapen. Alle høyrer til. Alle har ei oppgåve. Kroppen er ikkje heil om ikkje alle er der.

Arne Moltubak

Nytilsett sokneprest i ØrstaHar vore sokneprest på Vartdal i 7,5 årFødd i 1981Frå Eidsbygda i RaumaGift med Gunhild T. MoltubakTo born, Reidun (11) og Håkon (6)Bur i Hovdebygda, men skal snart flytte inn i prestegarden