437.000 sjåarar samla seg framfor tv-skjermen for å få med seg «Kunsten å legge seg paddeflat» tysdag kveld. Dette gav filmen ein marknadsandel på 31 prosent. Filmen har og vorte vist fleire gonger i reprise allereie, i tillegg er filmen og tilgjengeleg på nett-tv.

– Med reprisane og nett-tv er vi nok allereie godt over ein halv million sjåarar som har sett paddene og entusiastane i Austefjorden, seier regissør Are Pilskog.

Dei høge sjåartala er noko som både Blåst film og regissøren gler seg over.

– Vi er nøgde med tala. Du ynskjer deg sjølvsagt så høge tal som muleg, men vi tykkjer at dette er bra.

Etter at dokumentarfilmen var vist tysdag kveld har den gått i reprise tre gonger på NRK 1 og NRK 2. Neste måndag går den i reprise igjen.

– Tilbakemeldingane har vore flott og overveldande. Eg har høyrt at fleire ikkje har fått sett den og skal få den med seg via opptak eller nett-tv.