Nominasjonskomiteane for kyrkjevalet i Møre bispedøme er ferdig med arbeidet sitt, og dei førebels kandidatlistene ligg no føre, opplyser bispedømmerådet i ei pressemelding.

I alt ni representantar skal veljast til nytt bispedømeråd/Kyrkjemøte ved valet i september. Prestane og dei leke kyrkjelege tilsette skal velje kvar sin representant ved eigne val.

Fire leke representantar skal veljast ved direkte val 13. og 14. september, og dei tre siste leke representantane skal veljast av sokneråda i november.

I alt inneheld dei førebels listene 28 namn, 13 kvinner og 15 menn. Sunnmøre er representert med 12 kandidatar, medan Romsdal og Nordmøre er representert med 8 kandidatar kvar.

Listene viser at kandidatane er i alderen mellom 33 til 70 år.

–Nominasjonskomiteane har dermed ikkje lukkast med å finne fram til kandidatar under 30 år. I nominasjonsarbeidet er det lagt vekt på kandidatane sitt syn på aktuelle kyrkjelege spørsmål, noko som inneber at kandidatane på lista representerer ulike syn på slike spørsmål, opplyser bispedømmerådet.

På Møre bispedøme si heimeside http://www.bd.kirken.no/more/Kandidatar ligg synspunkta til kandidatane på m.a. spørsmål om kyrkja sitt samfunnsengasjement, om vigsel for likekjønna par, framtidig organisering av Den norske kyrkja, og eigne hjartesaker kandidatane har for sitt kyrkjelege engasjement.

Dei fremst prioriterte blant dei leke:

Ann-Kristin Sørvik (57), ordførar, Bremsnes.

Ragna Dahl Grønnevet (67), pensjonist, Ålesund.

Frode Rabbevåg (55), dagleg leiar, Molde.

Geir Grav (59), rektor, Hen.

Ole Martin Grevstad (45), personalsjef, Ulstein.

Berit Moan Møkkelgård (39), sjukepleiar, Rindal.

Solveig Linge Stakkestad (70), pensjonist, Norddal.

Svein Hartvig Pettersson (48), rådgjevar, Molde.

Rikke Grevstad Kopperstad (54), lærar, Herøy.