I løpet av mars og april skal bergensgruppa Razika på turne for Kultursekken i Møre og Romsdal. I veke 12 og 17 er det fleire av dei vidaregåande skulane i fylket som får besøk av den populære gruppa,  seier rådgivar ved Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, Maria Haukås Romuld i ei pressmelding.

I veke 12 skal Razika halde konsert for elevane ved Ålesund vgs, Borgund vgs, Fagerlia vgs, Sykkylven vgs og Haram vgs. I veke 17 er det elevar på Volda vgs, Ørsta vgs, Ulstein vgs, Herøy vgs avd. Vanylven og Sunndal vgs som får oppleve bandet.

Vondt i hjertetRazika består av Maria Moe-Karlsen, Marie Nordøy Amdam, Maria Råkil og Embla Karidotter. Med på turneen er også Morten Smith-Lien på Saksofon og Andreas Rotevatn på trombone. Dei fire jentene i bandet Razika frå Bergen brakdebuterte berre 19 år gamle i 2011 med albumet “Program 91“. Dei er kanskje mest kjend for singelen “Vondt i hjertet“ , seier Romuld. Singelen er spelt 1,1 milionar gongar på Spotify.

Romantisk og frekk musikk – Bandet spelar naiv, søt skranglepop inspirert av punk og 80-tallssjangeren new wave. Med tekstar på norsk og engelsk leverer hovudvokalist og låtskrivar Marie Amdam historier som er uskyldige og opprørske, romantiske og frekke – pakka inn i eit heilstøpt, ultrafengande lydbilete. Det siste albumet deira er “Ut til de andre“, som blei slept 26.januar i år, heiter det i pressemeldinga.