Ho får prisen for sin ufråvikelege vilje til å gjere nynorsk til eit elegant og velforma bruksspråk på alle delar av kunstfeltet, i Noreg så vel som i andre land, seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si. Prisen er på 100 000 kroner og blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 25. juni.

– Dette var svært overraskande, men desto meir varmar det! seier Veiteberg.

– På mitt fagfelt er det få som bruker nynorsk, men for meg har det aldri vore spørsmål om eit val. Nynorsk er språket eg har vakse opp med og som eg tenkjer best på. Kjekt at Nynorsk kultursentrum har lagt merke til arbeidet mitt, og prisen inspirerer til vidare innsats.

Kaizers på kunstfeltet

– Kunstfeltet er blitt dramatisk aktuelt i seinare tid og blir sett på harde prøver både kunstnarleg og språkleg, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – I alle samanhengar og i eit miljø prega av konservative språktradisjonar har årets nynorskbrukar ordlagt seg på nynorsk, også i prestisjetunge publikasjonar utgitt i Tyskland. Kaizers Orchestra song på jærdialekt kvar som helst i inn- og utland. Jorunn Veiteberg er Kaizers på kunstfeltet, seier Grepstad.

Det er 15. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

For første gong kunne alle interesserte føreslå kandidatar. 44 personar nytta høvet, og det gav juryen 29 grunngitte framlegg. – Den store interessa syner at prisen er viktig for mange, seier Grepstad.

20 bøker, 20 utstillingar, 150 artiklar

Jorunn Veiteberg (fødd 1955) frå Stord er sjølvstendig næringsdrivande skribent og bur i København. Ho blei dr. philos. i kunsthistorie frå 2000 med ei avhandling om norske plakatar som no er eit standardverk. Veiteberg har signert eller redigert over 20 bøker om eit visuelt felt som strekkjer seg frå reklame, biletkunst, fotografi, plakatar, kvinnelege kunstnarar, samtidskeramikk og smykkekunst til monografiar og studiar. I åra 1998–2008 var ho redaktør for tidsskriftet Kunsthåndverk.

Mellom 1977 og 2013 har ho publisert minst 150 artiklar i bøker, tidsskrift og katalogar, har som frilans kurator stått for over 20 utstillingar sidan 1984, og ho har brukt sine mange verv i profesjonelle og ideelle samanhengar til å skape samhandling for endring.