– Bokbåten representerer ei svært viktig teneste for Møre og Romsdal. Tilbodet har utvikla seg i takt med skiftande tider og utviklingstrekk i samfunnet, og båten er høgt elska, flittig brukt og ein institusjon langs heile kysten. Den stabile bruken og store entusiasmen for tilbodet viser at det bør sikrast som tilbod også for framtida, skriv fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i utgreiinga om bokbåten Epos.

Den vidare drifta av båten, som har vore i drift sidan 1963, er tema under møtet i Kultur- og folkehelseutvalet i fylkeskommunen onsdag.

Wedlog Olsen føreslår at utvalet går inn for å halde fram med å drifte båten som eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunane i Hordaland og Møre og Romsdal frå september 2015.  Sogn og Fjordane har trekt seg ut av samarbeidet frå og med i år.

Ho tilrår også at utvalet sluttar seg til tilrådinga om ein rammeauke i budsjettet for å dekkje ekstra kostnader for båten i 2016 og 2017.

For å sikre den framtidige drifta av båten, meiner fylkeskultursjefen at ein bør arbeide for å få bokbåten inn på statsbudsjettet, og gjere han til eit spleiselag mellom fylka og staten.

– Det vil gi tenesta eit løft, og samtidig gi meir føreseieleg drift for framtida.