Ei nær fullsett kyrkje deltok under avskilsgudstenesta søndag der Arne Prest fekk mykje skryt.

– Du er engasjert og skaper begeistring, og har vore ein av drivkreftene i ungdomsarbeidet, sa Pål Heggstad i soknerådet før han overrekte ei gåve. Ikkje nokon tradisjonell blomsterkvast: Arne Prest fekk eit eksemplar av boka «Velsigne kjeften din, prest» av Ivar Grimstad. Og populære Moltubakk humra seg gjennom takkeorda.

Han starta som prest på Vartdal i september 2007, og fortel om ei givande tid i Vartdal kyrkje.

– Det er kjempeflott å vere prest på Vartdal, eg følte meg velkomen frå første dag og er glad eg skal tilbake innimellom. Folk på Vartdalsstranda er sterkt engasjert  i kyrkja. Ho betyr mykje for folket, og dei er stolte av ho, opplever Moltubak.

Han takka kyrkjelyden, og trekte spesielt fram Kirsti Hånes Vartdal, Liv Randi Volle og Kjetil Standal som han har jobba tett og godt saman med.

Klubben

Irma Håvoll Sætre takka på vegner av Klubben, eller Barstadvik kristelege ungdomsklubb.

– Dei unge synest det er synd at du skal slutte. For du er utruleg flink, og ser kvar og ein av dei, rosa Sætre.

Ho fortalde at Arne seinare skulle få ei fotballdrakt i gåve med «number one» på ryggen. Fotballinteresserte Arne stråla:

– Då må det verte ei Molde-drakt..

Også Arne Prest sin sjef, prost Ingeborg Matre deltok.

– Eg er veldig glad for den tenesta du har utført på Vartdal, og er glad du held fram med prestearbeid i kommunen. Det er alltid kjekt å jobbe saman med deg. Du er ryddig, grei og positiv, sa Matre.

Vartdalsstranda generasjonskorps var med og sette ei fin ramme rundt gudstenesta, det same var koret Cantando, dirigert av Morten Bollerud.

Til slutt vart det halde kyrkjekaffi med marsipankake til ære for den populære presten Arne Moltubak som frå 1. mars er sokneprest i Ørsta. Innsetjingsgudstenesta er 22. mars.