Så begeistra var politikarane i Volda for musikkelevane sin musikal "Be Our Guest" at dei beordra ordførar Arild Iversen opp på Volda vidaregåande skule for å takke dei. Og ordføraren var ikkje tung å be.

- Takk for sist, helsa han.

Og la til at han hadde sett musikalframsyninga, den 20. i rekkja frå skulen si side, to gonger. Først premieren på Ørsta kulturhus, seinare ei framsyning til i Herøy kulturhus.

- Eg er imponert over at de klarer å mobilisere for ein ny musikal for kvart år. Det står det stor respekt av. Og i tillegg vert nivået høgare, og de strekkjer dykk lengre for kvart år som går. Vi forstår at det ligg ein enorm innsats, eit enormt engasjement og store talent bak dette. Og eg trur også lærarane sitt engasjement går langt utover ein kvar tariffavtale, helsa han med både alvor og med glimt i auga.

Med seg hadde han ei helsing til skulen og til elevane. Det vart både blomster, gåvekort på 5.000,- og krystallvase.

- Pengane håper vi de kan få nytte av i klassa, om det skulle vere gitarstrengar eller anna de har behov for. Takk til alle saman. De har gjort usletteleg inntrykk. Grensa mellom amatør og profesjonell er viska ut. Dette var høgt nivå og god kvalitet og ei flott merkevarebygging for Volda kommune.

Sjå også: Forrykande jubileumsmusikal frå Volda vgs.

Elevane helsa til kommunen med ein song frå musikalen.

(Dårleg filmkvalitet i videoen, men gode songstemmer!)