Bjørlykke er utdanna lærar frå Høgskulen i Volda, og jobba som konsulent i Lunde Forlag i Oslo og som journalist i avisa Dagen i Bergen, før ho byrja som lærar ved Vestborg vidaregåande skule på Stranda.

Frå 2010 har bøkene til Bjørlykke kome på eige forlag: Bjørlykke forlag.

Bokproduksjonen til Bjørlykke omfattar undervisningsbøker (fem bøker, alle på bokmål), biografar og andre bøker (åtte bøker, to på bokmål og seks på nynorsk), lokalhistorie (tre bøker, alle på nynorsk) og kåseri-bøker (fem bøker, alle på nynorsk).

Det er likevel innsatsen hennar som kåsør - i skrift og tale - som gjev Liv Randi Bjørlykke målprisen frå Sunnmøre Mållag.

Særleg har kåseria i NRK Møre og Romsdal hatt eit stort publikum. Mellom 1994 og 2007 heldt ho i alt 38 kåseri i distriktsradioen. Dei beste kåseria har Bjørlykke samla i fem bøker. Ho har også kåsert i Dagen, Storfjordnytt, Sykkylvsbladet, NRK P2 og ved diverse arrangement.

Dette seier mållaget om språkføringa til Bjørlykke:

  • I munnleg framføring held Liv Randi godt på sunnmørsmålet, slik det vert tala i heimbygda Sykkylven. Ho har ei levande framføring med god uttale og eit kroppsspråk som understrekar innhaldet i kåseria.

  • Liv Randi skriv klassisk, god nynorsk og er bra stø i det formelle. Ho kvir seg ikkje for å bruke gode nynorske ord og vendingar og særmerkte dialektord. Liv Randi er på den måten med og held oppe det beste i sunnmørsmålet og demmer opp for den utvatninga som skjer i dag med påverknad frå bymål, bokmål og engelsk både i skrift og tale.

  • Kåseria hennar er gjennomsyra av humor og ironi.

  • Eit sentralt verkemiddel i kåseria hennar er sitat: frå litteraturen, Bibelen, kjende songar og salmar (jf. Ramnungar ropar, tittelen på siste kåserisamlinga hennar), ordtøke, ja jamvel vendingar frå vêrmeldinga («dalstrøka innanfor»). Kåseria er ikkje minst krydra med replikkar frå menn og kvinner ho har møtt. I desse VM-tider møter vi ofte uttrykket «stafett er stafett» (etter Jon Herwig Karlsen). Liv Randi gjer det til sitt: «Basar er basar». Alt dette er med og skaper gjenkjenning, som alltid er viktig når ein skal nå fram til lesarar og publikum.

  • Liv Randi har eit frodig språk og gjer seg ofte nytte av det stilistiske verkemiddelet overdriving. Her er ho i slekt med lokale storlygarar som Liset-Ola (frå Hareid, opphavleg frå Nordre Vartdal) og ørstingen Moa-Mass (Mads Moene frå Ørsta), og i nyare tid har ho føregjengarar i voldingen Arthur Klæbo og stordabuen Ivar Eskeland.

Målprisen til Sunnmøre Målllag vert delt ut kvart andre år. Årets pris vert delt ut på årsmøtet i mållaget på Thon Hotel i Fosnavåg laurdag 28. februar.

Prisen er denne gongen – forutan eit diplom – keramiske arbeid av Rolf Vatn: seks koppar og eit fat med sitat frå «Sumarkvelden» av Ivar Aasen.